Heim Nyhende Nynorsk vaksenopplæring

Nynorsk vaksenopplæring

I Kvam får alle vaksne innvandrarar norskopplæring på nynorsk.

Mange nynorskkommunar har vaksenopplæring av innvandrarar på bokmål, og eit av dei viktigaste argumenta for å halde på den praksisen har vore at det er for lite materiell tilgjengeleg på nynorsk. Slik var det òg i Kvam, inntil nokre år sidan.

Upopulært

– Det vart for nokre år sidan gjort eit vedtak i heradet om at vi skulle nytte nynorsk i undervisninga av vaksne innvandrarar, som vart gjeldande frå skuleåret 2005–06, seier rektor ved vaksenopplæringa, Kjell Arne Gjøn. Det var ei avgjerd som ikkje var like populær i starten, og ikkje alle som underviste, såg heilt for seg korleis ein skulle greie det.

– Men Kvam er ein nynorskkommune, og det vart feil at vi skulle lære foreldra ei anna målform enn den barna deira lærte på skulen, seier Gjøn.

No har dei brukt nynorsk som undervisningsspråk sidan 2005, og i dag er i all hovudsak alt materiellet dei bruker, på nynorsk.

Vidareutviklar

– Før var det lite å få tak i, så dei første åra vart det mykje klipping og liming og sjølvlaga materiale, seier lærar ved vaksenopplæringa i Kvam, Hildegunn Skeie Sandven. No er situasjonen monaleg betre, og i dag bruker dei NorskPluss Nynorsk, som har tekstbøker, arbeidsbøker og dataprogram på nynorsk. Det er forlaget Cyberbook som gir ut læreverket, og Sandven, som også sit i den nynorske ressursgruppa til VOX (nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk, med særleg vekt på vaksen læring), kan fortelje at VOX før jul løyvde 200 000 kroner til Cyberbook for å vidareutvikle læremiddel på nynorsk.

LES OGSÅ: Mange oppgåver for Vox

Ved sida av NorskPluss Nynorsk bruker Kvam Lexin, ei biletordbok for vaksne, og heftet Kropp og helse, som er utarbeidd av VOX. Båe desse finst på nynorsk.

Sandven tykte ikkje det var berre positivt då ho vart pålagd å undervise på nynorsk for nokre år sidan.

– Eg hadde tidlegare undervist i London og hadde med ein del godt stoff med meg derfrå. Men dét var på bokmål, så det kunne eg ikkje bruke.

Framleis er det mindre å velje mellom for dei som skal undervise i nynorsk, men det som finst, er bra, seier ho. Det er nok materiell til å få losa elevane trygt i hamn fram mot ein eksamen i spor 1, 2 og 3.

Ikkje etterspurd

Reelt sett har elevane ved vaksenopplæringa eit val; dei kan be om å få undervisninga på den målforma dei føretrekkjer. Så langt har ingen bede om å få ho på bokmål att, seier Sandven. Ho trur det heng saman med at dei fleste innvandrarane som bur i Kvam no, er komne for å bli.

– Barna deira går på skule her og lærer nynorsk. Sjølve skal dei få seg ein jobb her og treng å kunne den målforma vi bruker. Mange av dei erfarer nok også at når dei først kan nynorsk, så forstår dei også bokmål.

Internett og barne-tv

Alton Beer (25) frå Liberia har budd 2 år i Noreg og har gått på vaksenopplæringa i Kvam i fem månader. Han synest det går godt å lære seg norsk .

– Her i Øystese går eg på skule seks timar om dagen, tre dagar i veka, fortel han. Det er monaleg mykje meir enn han gjorde den korte stunda han budde i Odda. Då var det undervisning tre timar i veka.

– I Odda lærte eg bokmål. Her lærer eg nynorsk. Eg likar nynorsk, det går greitt, svarar Alton på norsk når LNK-avisa spør kva forhold han har til målformene han har lært. Det er ikkje så vanskeleg å lære norsk, seier han. I heimlandet snakka han engelsk og lærte engelsk på skulen, og han synest ikkje språka er så forskjellige. I Øystese speler han fotball på a-laget, og der går det i norsk. Heime, saman med kona som er frå Eritrea, går det litt på engelsk og litt på norsk.

– Eg er mykje på Internett, og eg ser på norsk tv, på barne-tv. Det hjelper meg også å lære norsk. Og på skulen, der snakkar vi alltid norsk, seier Alton Beer, som drøymer om å byrje på Universitetet i Bergen. Bli ingeniør, jobbe på plattform og tene eigne pengar, det er målet, seier han.

Førre artikkelMange oppgåver for Vox
Neste artikkelVegen vidare

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...