Heim Nyhende Vegen vidare

Vegen vidare

Sats på dei nolevande, sats på kulturen og ikkje berre litteraturen, ta med sidevegane og få for all del betre vegstandard.

Det var nokre av signala, og kanskje dei tydlegaste, som kom fram på konferansen Diktarvegen, ein annleis veg.

Ein rundebordskonferanse med kulturorganisasjonane gav tydelege teikn til at mykje av aktivitetane knytte til Diktarvegen har vore for usynlege, og at ein i framtida må vere varsam med å berre fokusere på fem avlidne forfattarar. Marit Eikemo, kunstnarisk leiar for Litteratursymposiet i Odda, understreka kor viktig samtidslitteraturen er for Odda og for at symposiet har levd og vakse til slikt omfang.

Arnhild Litlerè, representant for Jon Fosse-dagane, oppmoda Diktarvegen om å ta avstikkarar ut frå riksveg 13 for å få med diktarar som har sitt opphav langs sidevegane. Det vart òg peika på at det allereie finst mange gode arrangement og institusjonar knytte til riksveg 13 og dei fem diktarorganisasjonane som står bak Diktarvegen. Men det er kanskje ein idé å utvikle eit konsept som femnar alt kulturlivet langs vegen, ikkje berre litteraturen, var eit av forslaga som kom opp rundt bordet.

For lite pengar

Diktarvegen handlar ikkje berre om kultur, men også om veg og samferdsle. Parallelt med den kulturelle rundebordskonferansen var ei samling som diskuterte veg, med samferdsleminister Kleppa sine ord om rassikring og gul midtstripe frå tidlegare på dagen friskt i minne. At vegen er i tidvis slett forfatning og har sine fysiske utfordringar, var såleis ikkje eit tema i seg sjølv, men lokka likevel fram fleire forslag til korleis ein kan finansiere utbetringar og oppgraderingar.

Det er også vesentleg å halde trykket oppe på dei indre stamvegane og ikkje berre fokusere på ytre kyststamveg. Her må fylkeskommunane forplikte seg og jobbe saman mot felles mål, sa Mona H. Hellesnes, fylkesvaraordførar i Hordaland.

Må forplikte seg

Organisasjonen Fjordvegen Diktarvegen har no formalisert seg som eit aksjeselskap. Dette er den fjerde konferansen med Diktarvegen som tema, og kommunane, kulturorganisasjonane og næringslivet langs rute 13 blir no bedne om å støtte opp om organisasjonen ved å kjøpe seg inn i aksjeselskapet.

– Dette blir det viktigaste for oss no fram mot generalforsamlinga i juni. At kommunane og organisasjonane forpliktar seg, er avgjerande for at vi skal greie å få på plass den administrasjonen vi treng, og som kan jobbe med dette vidare, seier styreleiar Solfrid Borge.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...