Heim Nyhende Gründerar på elektroniske tavler

Gründerar på elektroniske tavler

Det finst mange elektroniske tavler rundt om i norske klasserom, men lite programvare til å fylle tavlene med.

Det gjorde dei to lærarane Sigrid Lillebråten og Eir Husby så frustrerte at dei bestemte seg for å ta skeia i eiga hand. No har dei fått utvikla kunnskapsbilete for elektroniske tavler til grunnskule, vidaregåande og vaksenopplæring, og firmaet deira har vakse frå to til fem tilsette på eitt år.

– Som nyutdanna lærarar sakna vi begge godt faginnhald tilpassa den nye teknologien. I 2010 drog vi til BETT i London, ei teknologimesse for utdanningssystemet. Her fekk vi stadfesta at skuleverket heng etter den teknologiske utviklinga.

Lite å finne

I Noreg har om lag 70 prosent av skulane elektroniske tavler – eller interaktive tavler som dei også blir kalla. Infrastrukturen er på plass, men læraren har ein stor jobb med å tilpasse undervisningsopplegga til teknologien, forklarar Lillebråten. Som lærarar måtte dei bruke powerpoint- og pdf-presentasjonar, og det var lite som var laga spesielt for tavlene.

– Det var eit stort behov og ein stor marknad, seier Lillebråten.

I september starta ho og Husby firmaet Soleis som lagar undervisningsopplegg til bruk på elektroniske tavler.

– Vi lagar kunnskapsbilete som er knytte opp mot kompetansemåla i Kunnskapsløftet, den gjeldande læreplanen for grunnskulen og til spor 1, 2 og 3 i vaksenopplæringa, fortel ho. Kunnskapsbileta tek opp ulike fagtema. Vår eigen kjernekompetanse er humaniora, og vi samarbeider med eit firma i Ungarn om realfaga.

Idealistar

Kunnskapsbileta er meint først og fremst for læraren, til tavleundervisning. Dei er tilrettelagde for trykkfunksjonar, men kan også fungere på ein pc.

– Førebels har vi ikkje ein enorm kvantitet. Men vi dekkjer spor 1 og 2 i vaksenopplæringa, og vi har mykje for grunnskulen, samt noko for realfag i vidaregåande.

Kunnskapsbileta finst på fleire språk, ikkje berre norsk. For Soleis har det dessutan vore svært viktig å få dette tilbodet på nynorsk.

– Vi er ihuga nynorskbrukarar, båe to, og vi bestemte oss heilt i starten for at målformene skal vere jamstelte hjå oss, seier Lillebråten. – Erfaringa vår er at jo meir teknisk innretta noko er, jo mindre er sjansen for at det finst innhald til det på nynorsk.

Det er uheldig for nynorsken, meiner dei, og Soleis har ønskt å gjere sitt for å betre situasjonen.

– Det er mykje idealisme inne i biletet. Det hadde heilt sikkert vore lettare å berre kjøre på med bokmål.

Pilotar

Utfordringa no er å få skulane til å ta kunnskapsbileta i bruk, og der har Soleis vore heldige og fått Oslo kommune og Smedstua vaksenopplæring med som pilotskular. Det har vore eit givande samarbeid, og vi vil gjerne ha fleire pilotskular, seier Lillebråten.

Bedrifta Soleis tel no fem tilsette, den femte vart tilsett nøyaktig på dagen då bedrifta fylte eitt år. Hovudkontoret deira ligg i Sunndalsøra i Møre og Romsdal.

– Og så har vi distriktskontor i Oslo.

 

Førre artikkelMobiliserer motstand
Neste artikkelFestspel med song

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Strålande tilbakemeldingar for nasjonal språkkonferanse på Nynorskhuset

Sambuarane på Nynorskhuset i Førde laga til ein nasjonal språkkonferanse med «Skal vi snakke om det?». – Vi har fått utruleg masse gode tilbakemeldingar, både...

Feirar nynorskveka over heile landet

– Me oppmodar alle til å skriva nynorsk denne veka. Alle som ikkje skriv nynorsk til vanleg, kan bruka veka til å prøva seg...

Kvar fjerde 10.-klassing får ikkje karakter i sidemål – Noregs Mållag reagerer

Det store talet på elevar som får fritak frå sidemål er ei stor utfordring for den obligatoriske sidemålsopplæringa i skulen, meiner landsmøtet i Noregs...

Slik vil Noregs Mållag nå éin million nynorskbrukarar innan 2050

Landsmøtet i Noregs Mållag ønskjer seg éin million nynorskbrukarar innan 2050. I denne fråsegna legg dei ein plan for korleis dette kan gjerast. Dei siste...