Heim Nyhende Mobiliserer motstand

Mobiliserer motstand

 

Mobiliserer motstand
– Eg ville gjerne markere motstanden min mot forslaget om å fjerne sidemålet, seier rektor ved Universitetet i Bergen, Sigmund Grønmo. Han er ein av om lag 1700 personar som etter nyttår har meldt seg inn i Noregs Mållag.
Judith Sørhus Litlehamar
judith@norsk-plan.no
Etter at kunnskapsminster Kristin Halvorsen i januar gjekk ut med forslag om å svekkje sidemålet, har Noregs Mållag mobilisert stort, og organisasjonen har fått ei rekkje nye medlemmer. Blant desse finn me universitetsrektor Sigmund Grønmo, styreleiar i Nei til EU, Heming Olaussen, stortingsrepresentant Laila Marie Reiertsen (Frp) og nestleiar i LO, Gerd Kristiansen.
Eg fekk ei oppfordring om å melde meg inn, men meinte også sjølv at det var den rette tida for det, seier Grønmo.
Han er rektor ved universitetet som fekk Målprisen 2010 frå Noregs Mållag.
For nynorsken og målsaka er Universitetet i Bergen det viktigaste universitetet. De tek eit nasjonalt ansvar for nynorsken – noko som er avgjerande for nynorsk som akademisk språk. For nye studentar som møter høgre utdanning for aller fyrste gong, er det veldig lett å velje bokmål fordi det er det lettaste, og fordi alle andre gjer det. Difor er det svært viktig at Universitetet i Bergen held fram med å gje fagleg ryggstø for studentar og forskarar til å bruke nynorsken, sa leiar i Noregs Mållag Håvard B. Øvregård den gongen.
Nynorsk som fagspråk
– Universitetet i Bergen ligg i eit nynorskområde og har eit ansvar for å utvikle nynorsken. Vår oppgåve er å stå framme i fremste rekkje, og vi håpar det også gir gjenklang hjå andre universitet, der nynorsk kanskje ikkje er eit like stort tema, seier Sigmund Grønmo i dag og viser til at målprisen stimulerte til vidare arbeid for nynorsken.
Grønmo ser fleire utfordringar for nynorsken framover og meiner det er viktig at Noregs Mållag står sterkt som organisasjon.
Noreg ville blitt eit langt fattigare samfunn dersom ein tok vekk sidemålet. Både nynorsk og bokmål er viktige i norsk språk. Som universitetsrektor ser eg fleire utfordringar framover, ikkje minst med nynorsk som fagspråk. Generelt har me ei utfordring i å ta vare på norsk som fagspråk, og spesielt nynorsk. Me må leggje til rette for at fagpersonar som ynskjer å skrive nynorsk, får høve til å gjere det, seier Grønmo.
Han meiner dessutan at fastpris på bøker er viktig for å ta vare på nynorsken. Debatten om Noreg treng ei boklov, går friskt i desse dagar.
Valkamptema
Heming Olaussen i Nei til EU viser til at han som dialektbrukar frå Oslo aust ikkje har eit veldig bevisst forhold til nynorsk, meir ein intuitiv sympati som han kallar det.
Mitt perspektiv er meir politikken i stort, kva krefter som vil styrkje eller byggje ned både nynorsk og dialektbruk. Nynorsken, som alle motkulturar, blir pressa av sentralisering og elitisme. Det er viktig å vere stolt, slår han fast.
Korleis kan ein styrkje nynorsken framover?
Det har eg ikkje tilstrekkeleg oversikt over, men kanskje Noregs Mållag bør interessere seg for EØS-avtalen sin sentraliserande og distriktsnedbyggjande effekt? Ein bør kanskje også vere nøye på kven ein stemmer på ved stortingsvalet i 2013?
– Må bli meir attraktiv
Stortingsrepresentant Laila Marie Reiertsen (Frp) meiner ein må gjere nynorsken meir attraktiv, samstundes som ein må leggje høva til rette slik at fleire vil og kan bruke nynorsk. Dermed står ho litt på sidelinja i forhold til partipolitikken i Frp.
Eg ser det er blitt slik, at snakkar ein om sidemål, så snakkar ein om nynorsk. For meg som voks opp i ein nynorskkommune, med bokmål som sidemål, kan eg ikkje sitje stille utan å kommentere no. Nynorsken er ein del av kulturen og identiteten vår, det å ha kunnskap om eit anna språk er og bør vere viktig.
Reiertsen har sjølv opplevd fleire sider ved å bruke nynorsk offentleg.
Når eg skriv innlegg til avisene på nynorsk, er det ofte ei eller fleire aviser som kjem med rosande ord for at eg gjer det. Samstundes veit eg at nokre aviser vel innlegget vekk fordi det står på nynorsk. Då har me ei utfordring, meiner ho og viser til at kravet om å ha skriv i det offentlege tilgjengelege både på nynorsk og bokmål er viktig i alle kommunar.
Ris bak spegelen
Personleg har eg alltid sympatisert med målsaka. I det siste har det vore tiltakande press på sidemålet, altså nynorsken, frå skulebyråden i Oslo. Samstundes vart det gjort framlegg om å endre sidemålsstatusen i skulen. Samla gjorde dette at eg kom til at det ikkje er nok å ha sympati for nynorsken, eg må syna det òg. Massivt aukande medlemstal til Noreg Mållag er ein klår bodskap om at målsaka er viktig for meg og for mange andre, seier nestleiar i LO, Gerd Kristiansen.
På det språkpolitiske området ser ho mange steinar ein må rydde av vegen.
Me har eit klårt regelverk i Noreg, men det er mange krefter i ulike miljø som arbeider aktivt for å undergrave nynorsken. Skal ein vinne fram, meiner eg at ein må liggje hakket i framkant, tenkje nytt og sørgje for at det ligg ris bak spegelen om ein ikkje held seg til regelverket.
Kva er den viktigaste utfordringa i språkpolitikken framover?
Først og fremst må ein syne ungdommen kor viktig og fleksibelt språket er. Det oppnår ein best ved å gjere dei vane med å lese nynorsk, frå tidleg av. Både talt og skriftleg.
Kristiansen meiner vidare at det er viktig å nytte nynorskformer som folk forstår. Ho meiner mange tekstar frå styresmaktene for mange kan vere vanskelege å lese uavhengig av målform.
Eg saknar også nynorsken i aviser og andre medium. Gjer ein nynorsken meir tilgjengeleg, vert det òg lettare å få fleire til å nytte han i kvardagen, slår ho fast.

 

Stortingsrepresentant Laila Marie Reiertsen (Frp) meiner ein må gjere nynorsken meir attraktiv, samstundes som ein må leggje høva til rette slik at fleire vil og kan bruke nynorsk. Dermed står ho på sidelinja i forhold til partipolitikken i Frp.

 

 

– Eg ser det er blitt slik, at snakkar ein om sidemål, så snakkar ein om nynorsk. For meg som voks opp i ein nynorskkommune, med bokmål som sidemål, kan eg ikkje sitje stille utan å kommentere no. Nynorsken er ein del av kulturen og identiteten vår, det å ha kunnskap om eit anna språk er og bør vere viktig.

Reiertsen har sjølv opplevd fleire sider ved å bruke nynorsk offentleg.

– Når eg skriv innlegg til avisene på nynorsk, er det ofte ei eller fleire aviser som kjem med rosande ord for at eg gjer det. Samstundes veit eg at nokre aviser vel innlegget vekk fordi det står på nynorsk. Då har me ei utfordring, meiner ho og viser til at kravet om å ha skriv i det offentlege tilgjengelege både på nynorsk og bokmål er viktig i alle kommunar.

Les også : Viktig å vere stolt av nynorsken

 


Rette tida

– Eg ville gjerne markere motstanden min mot forslaget om å fjerne sidemålet, seier rektor ved Universitetet i Bergen, Sigmund Grønmo. Han er ein av om lag 1700 personar som etter nyttår har meldt seg inn i Noregs Mållag.

Etter at kunnskapsminster Kristin Halvorsen i januar gjekk ut med forslag om å svekkje sidemålet, har Noregs Mållag mobilisert stort, og organisasjonen har fått ei rekkje nye medlemmer. Blant desse finn me universitetsrektor Sigmund Grønmo, styreleiar i Nei til EU, Heming Olaussen, stortingsrepresentant Laila Marie Reiertsen (Frp) og nestleiar i LO, Gerd Kristiansen.

– Eg fekk ei oppfordring om å melde meg inn, men meinte også sjølv at det var den rette tida for det, seier Grønmo.

Han er rektor ved universitetet som fekk Målprisen 2010 frå Noregs Mållag.

– For nynorsken og målsaka er Universitetet i Bergen det viktigaste universitetet. De tek eit nasjonalt ansvar for nynorsken – noko som er avgjerande for nynorsk som akademisk språk. For nye studentar som møter høgre utdanning for aller fyrste gong, er det veldig lett å velje bokmål fordi det er det lettaste, og fordi alle andre gjer det. Difor er det svært viktig at Universitetet i Bergen held fram med å gje fagleg ryggstø for studentar og forskarar til å bruke nynorsken, sa leiar i Noregs Mållag Håvard B. Øvregård den gongen.

Nynorsk som fagspråk

– Universitetet i Bergen ligg i eit nynorskområde og har eit ansvar for å utvikle nynorsken. Vår oppgåve er å stå framme i fremste rekkje, og vi håpar det også gir gjenklang hjå andre universitet, der nynorsk kanskje ikkje er eit like stort tema, seier Sigmund Grønmo i dag og viser til at målprisen stimulerte til vidare arbeid for nynorsken.

Grønmo ser fleire utfordringar for nynorsken framover og meiner det er viktig at Noregs Mållag står sterkt som organisasjon.

– Noreg ville blitt eit langt fattigare samfunn dersom ein tok vekk sidemålet. Både nynorsk og bokmål er viktige i norsk språk. Som universitetsrektor ser eg fleire utfordringar framover, ikkje minst med nynorsk som fagspråk. Generelt har me ei utfordring i å ta vare på norsk som fagspråk, og spesielt nynorsk. Me må leggje til rette for at fagpersonar som ynskjer å skrive nynorsk, får høve til å gjere det, seier Grønmo.

Han meiner dessutan at fastpris på bøker er viktig for å ta vare på nynorsken. Debatten om Noreg treng ei boklov, går friskt i desse dagar.

 

Ris bak spegelen

– Personleg har eg alltid sympatisert med målsaka. I det siste har det vore tiltakande press på sidemålet, altså nynorsken, frå skulebyråden i Oslo. Samstundes vart det gjort framlegg om å endre sidemålsstatusen i skulen. Samla gjorde dette at eg kom til at det ikkje er nok å ha sympati for nynorsken, eg må syna det òg. Massivt aukande medlemstal til Noreg Mållag er ein klår bodskap om at målsaka er viktig for meg og for mange andre, seier nestleiar i LO, Gerd Kristiansen.

På det språkpolitiske området ser ho mange steinar ein må rydde av vegen.

– Me har eit klårt regelverk i Noreg, men det er mange krefter i ulike miljø som arbeider aktivt for å undergrave nynorsken. Skal ein vinne fram, meiner eg at ein må liggje hakket i framkant, tenkje nytt og sørgje for at det ligg ris bak spegelen om ein ikkje held seg til regelverket.

– Kva er den viktigaste utfordringa i språkpolitikken framover?

– Først og fremst må ein syne ungdommen kor viktig og fleksibelt språket er. Det oppnår ein best ved å gjere dei vane med å lese nynorsk, frå tidleg av. Både talt og skriftleg.

Kristiansen meiner vidare at det er viktig å nytte nynorskformer som folk forstår. Ho meiner mange tekstar frå styresmaktene for mange kan vere vanskelege å lese uavhengig av målform.

– Eg saknar også nynorsken i aviser og andre medium. Gjer ein nynorsken meir tilgjengeleg, vert det òg lettare å få fleire til å nytte han i kvardagen, slår ho fast.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Telemark fylkeskommune skal bruka minst 40 prosent nynorsk

– Eit godt og forpliktande vedtak, seier Noregs Mållag. Telemark fylkeskommune skal vera språkleg nøytralt og bruka minst 40 prosent nynorsk, har det nyleg blitt...

Desse endringane kan kome for nynorsken

Eit nytt spørjeord og nye kjønn på substantiv er noko av det Språkrådet har føreslått. Du har kanskje fått med deg at Språkrådet ønskjer at...

Alle nye lover bør kome på nynorsk!

Det er nynorsken sin tur til å bli favorisert i lovtekstane. Nynorskprosenten må opp. Når Stortinget vedtek ei lov, er ho skriven anten på bokmål...

NRK klarte ikkje nynorskkravet på radio og nett

NRK klarte nynorskkravet på TV, men ikkje radio og nett. Norsk Målungdom etterlyser fleire nynorskjournalistar. NRK har eit krav om 25 prosent nynorsk på kvar...