Heim Nyhende Tre av fire nordmenn seier nei til EU

Tre av fire nordmenn seier nei til EU

I alt 74,7 prosent av veljarane i Noreg seier nei til norsk medlemskap i EU. Berre 15,2 prosent vil at Noreg skal bli medlem av EU.

Neisida held dermed på det rekordsterke fleirtalet i befolkninga som dei har hatt sidan årsskiftet, viser aprilmålinga frå Sentio, som er laga for Klassekampen og Nationen.

Ein ny trend er at EU-motstanden no også femnar svært breitt. EU-motstanden har tradisjonelt vore sterkast i låginntektsgruppene, i distrikta og blant kvinner. Men no er 71 prosent av dei som tener over ein million i året, motstandarar av norsk EU-medlemskap.

Neivinden blåser også sterkt i Frp. I januar sa 79 prosent av Frp-veljarane nei til EU. No seier 90 prosent nei. Det gjer at Frp er blant dei sterkaste neipartia, på linje med Kristeleg Folkeparti, der 91 prosent seier nei, og Raudt, der 89 prosent seier nei. I Senterpartiet seier alle dei spurde nei til EU.

EU er mest populært hos Venstre-veljarane. Der seier 34 prosent ja, følgt av Høgre med 26 prosent og Sosialistisk Venstreparti med 22 prosent ja.

Geografisk er Oslo minst EU-kritisk, med 24 prosent ja og 67 prosent nei. (NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Ingvild Bryn får nynorskprisen for journalistar

Ingvild Bryn er for mange sjølve nynorskrøysta. Etter ei særs variert karriere i NRK kan ho no også smykke seg med tittelen som vinnar...

Lærarutdanningane må ta språkansvar

Lærarutdanningane skal utdanne lærarar for heile landet, og då må alle lærarstudentar, uavhengig av fag, rustast til å vere lærarar i nynorske klasserom. Lærarutdanningane er...

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...