Heim Nyhende Satsar på digital kommunikasjon

Satsar på digital kommunikasjon

 

Regjeringa vil gjere kontakten mellom folk og forvaltning digital. 

 

– Me skal bruke informasjonsteknologi for å gjere offentlege tenester betre, enklare og meir effektive. Me vil møte folk og næringsliv der dei er, når dei ynskjer. Med ein digitalisert forvaltning vil me effektivisere måten det offentlege jobbar på og frigjere ressursar til dei store velferdsoppgåvene, seier statsminister Jens Stoltenberg i ei pressemelding.

Regjeringa ynskjer no at den digitale kommunikasjonen skal vere hovudregelen for kommunikasjonen med forvaltninga. Innbyggjarane må aktivt velje papirløysingar dersom dei ynskjer det.

No blir det arbeidd med å endre forvaltningslova for å fjerne hindre mot digitalisering, etablering av ein digital postkasse og tryggleikstiltak.

– Eit godt døme på dei nye ordningane er at Vegvesenet nå avviklar ordninga med oblat på køyretøy, og i staden sjekkar digitalt om årsvavgifta er betalt, seier Stoltenberg.

– 90 prosent av oss brukar internett kvar dag. Nå ynskjer me at staten fullt ut digitaliserer tenestene sine og kommuniserer på ein god måte med brukarane, der dei er, nemleg på nettet. Det trur eg dei forventar, seier fornyingsminister Rigmor Aaserud.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...