Heim Nyhende Kulturrådet gir støtte til Wikipedia-kurs

Kulturrådet gir støtte til Wikipedia-kurs

Fylkeskommunar, arkiv, museum og regionale kulturnett som vil halde kurs i korleis ein kan skrive for Wikipedia, kan få pengestøtte frå Kulturrådet.

Kulturrådet ønskjer å styrkje samarbeidet med kunnskapskjelder som Wikipedia og Store Norske Leksikon. Dei har allereie etablert eit samarbeid med Wikimedia og er i kontakt med Store Norske Leksikon for å utvikle liknande samarbeid.

Målet med samarbeidet er å kople informasjon i ulike formidlingstenester som arkivportalen.no, digitaltmuseum.no, digitaltfortalt.no og europeana. eu saman med innhald i Wikipedia. På den måten håpar Kulturrådet å bidra til meir bruk av nettsidene, og at tema som gjeld arkiv, museum og kunst blir meir kjent blant brukarane.

Kulturrådet gir støtte til utgifter i samband med kursa, avgrensa oppover til kring 25.000 for kvart kurs. Slike utgifter kan vera leige av lokale og utstyr til å halda kursa, mat/servering, reise og opphald for kurshaldar, og andre utgifter knytt til kurset.

Under kursa vil erfarne kurshaldarar frå Wikimedia Noreg presentera korleis Wikipedia fungerer, kva for reglar ein bør følgja på Wikipedia, og visa i praksis korleis ein redigerer.

– Me vonar at ein kan samordna seg og ta initiativ til slike kurs i alle fylka, seier Gunnar Urtegaard, seksjonssjef for E-kultur i Kulturrådet.

Søknad om støtte må sendast til Kulturrådet innan 20. juni 2012. (NPK)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Førre artikkelKreativt tullball
Neste artikkelSkal forske på nynorsken

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...