Heim Nyhende Vil ha ekstra poeng for nynorsk

Vil ha ekstra poeng for nynorsk

 

Leiar i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård, meiner det er på tide å gi elevar med nynorsk hovudmål ekstrapoeng.

 

 

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen har tidlegare lansert tanken om eitt ekstra studiepoeng for elevar i vidaregåande skule som vel nynorsk som hovudmål. Etter dette har ho også oppretta ei eiga ressursgruppe som skal sjå på aktuelle tiltak som kan medverke til å styrkje nynorsk som hovudmål i opplæringa. På landsmøtet til Noregs Mållag i april stadfesta ho at ho vil styrkje nynorsk både som hovudmål og sidemål, og tok opp att framlegget om ekstrapoeng.

– Mellom dei få som har kritisert framlegget om eitt ekstra studiepoeng for nynorsk hovudmål er Riksmålsforbundet, som kallar det ei “diskriminering av riksmåls- og bokmålsbrukere, altså det massive flertall”. Noregs Mållag meiner Riksmålsforbundet her syner manglande kunnskap om korleis norskkarakterane i dag verdset norskkunnskapen til elevar med nynorsk som hovudmål, skriv Håvard B. Øvregård på nm.no

Han meiner sitasjonen i dag er at elevar med nynorsk som hovudmål generelt sett er mykje betre i sidemål enn elevar med bokmål som hovudmål.

– Nynorskelevane har større samla kunnskap i hovudmål og sidemål enn elevar med bokmål som hovudmål, men dei får ikkje utteljing for denne kunnskapen. Fleirtalet, bokmålselevane, si svakare meistring av sidemål har i praksis ført til at dei ikkje vert vurdert like strengt i sidemålet som nynorskelevane. Det er lettare å få ein god karakter i nynorsk sidemål enn i bokmål sidemål.

Han meiner ekstrapoenget kan redusere talet på elevar som byter frå nynorsk til bokmål av taktiske grunnar.

– Dei opplever at dei får betre samla karakter i hovudmål og sidemål om dei byter hovudmål til bokmål. Eit ekstrapoeng for elevar med nynorsk som hovudmål vil ikkje gjere anna enn å redusere den uretten desse elevane alt er utsette for, skriv Øvregård.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...