Heim Nyhende Hovland, Parr og Nordstoga opnar Falturiltu

Hovland, Parr og Nordstoga opnar Falturiltu

Trioen Maria Parr, Odd Nordstoga og Ragnar Hovland opnar årets Falturiltu-festival.

Søndag 4. november opnar barnebokfestivalen, der Ragnar Hovland i år er festivalforfattar.

Ragnar Hovland debuterte i 1979, og allereie året etter kom den første barneboka hans, Det får stå til, som gav han Kultur- og Vitskapsdepartementet sin debutantpris. Seinare har han gitt ut over førti bøker frå hans hand. Hovland vart ein nyskapar i barnelitteraturen på åttitalet, og har seinare inspirert unge forfattarar og musikarar.

Odd Nordstoga hadde gjeve ut ei rekke plater av strålande kvalitet då han i 2004 slo gjennom for fullt med plata Luring og superhiten Kveldssong for deg og meg, der Ragnar Hovland har skrive teksten.  Gjennom seinare plater som Jul i svingen (2006), Pilegrim (2008), November (2010) og Bestevenn (2011), musikken til filmatiseringa av Maria Parr si bok Vaffelhjarte , har han berre stadfesta sin posisjon som ein av våre mest folkekjære artistar.

Maria Parr debuterte med eit stillferdig brak i 2005 med den kritikarrosa barneboka Vaffelhjarte. Gjennombrotet kom i 2009 med Tonje Glimmerdal, som gav henne både Kritikarprisen, Teskjekjerringprisen og Brageprisen.

I tillegg kjem blant andre forfattar Tor Arve Røsssland, forfattar Bente Bratlund, og professor Dagrun Skjelbred til årets Falturiltu-seminar . Resten av programmet blir lagt ut i august.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...