Heim Nyhende Skal gjere Grunnlova enklare å forstå

Skal gjere Grunnlova enklare å forstå

Ei arbeidsgruppe nedsett av Stortinget skal jobbe med å få Grunnlova til å framstå i ei meir forståeleg språkdrakt.

Oppdraget deira er å utarbeide nye, språkleg oppdaterte versjonar av lova på eit tidsmessig nynorsk og bokmål. Dei to målversjonane skal vere likestilte og ha same rettslege status, heiter det i mandatet.

I tillegg skal gruppa også omsetje og kvalitetssikre lovforslag som er sett fram eller som blir sett fram før Stortinget bryt av forhandlingane i juni i år.

Les også: Nynorsk rettskriving på utstilling

Desse er med i arbeidsgruppa:

Professor og dekan Hans Petter Graver, juridisk fakultet, UiO (leiar)

Førsteamanuensis Eirik Holmøyvik, juridisk fakultet, UiB

Rådgjevar Øystein Baardsgaard, Språkrådet

Rådgjevar Bård Eskeland, Språkrådet

Spesialrådgjevar Kyrre Grimstad, administrasjonen i Stortinget

Gruppa skal leggje fram ein rapport med forslag til nye versjonar av Grunnlova for presidentskapen i Stortinget seinast 17. september i år.

Les også: Grunnlova på nynorsk

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...