Heim Nyhende Undra seg over dialekt - fekk språkpris

Undra seg over dialekt – fekk språkpris

1. – 7. klasse frå Skåbu oppvekst i Nord-Fron i Oppland har undersøkt kvifor Skåbu-dialekten har endra seg. For denne undringa fekk dei nyleg Språkprisen i Årets Nysgjerrigper. Prisen blir delt ut på måndag.

Elevane ved Skåbu oppvekst lurte på kvifor stadig færre barn og unge snakkar Skåbu-dialekt. Dette ville dei kartlegge, og dei byrja med ei spørjeundersøking kor folk i ulike aldersgrupper fekk svare på spørsmål om skriftspråk og talemål. Elevane hadde dessutan sine eigne hypoteser om kvidor dialekten ikkje er så mykje i bruk lenger. Påverknad frå radio og tv, innflyttarar frå andre land eller andre område i Noreg og eh haldning om at dialekten er gammaldags var nokre av teoriane dei jobba med.

Undervegs har elevane funne at dialektbruken aukar med alderen og at tv, radio og reising i stor grad påverkar dialekten vår.

For denne jobben har barna i Skåbu ikkje berre fått Språkprsien, dei vart også finalistar i Årets Nysgjerrigper 2012.

Språkprisen:
Språkprisen i Årets Nysgjerrigper er ein nystifta pris som vart delt ut for første gong i år. Det er Språkrådet og Norges Forskningsråd som står bak prisen, og i kriteria for prisen heiter det: «Nysgjerrigpers språkpris vert delt ut av Språkrådet. Prisen går til eit prosjekt der eit språkleg emne vert utforska. Emnet må ha tilknyting til norsk språk eller forholdet mellom norsk og andre språk. Vi brukar språket i all slags situasjonar, anten vi les, skriv eller snakkar. Namn på personar og stader, slang og dialektar, språk og teknologi er berre nokre døme på emne som kan utforskast. Utfordringa er å vise korleis ein skaffar kunnskap om språket og bruken av det.»

Les også: Ny språkpris til unge forskarar

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...
– Eg er mest glad å lesa i ambulanseboka mi, fortel Symre (5). Ved sida av ho sit frå venstre Trygve (5) og Jørgen (5).

Innspel til Lesekommisjonen frå Nynorskkommunane

Nynorskkkommunane – LNK har 104 medlemmar, mellom desse 85 kommunar, 3 fylkeskommunar, fleire regionråd og interkommunale selskap. For medlemmane våre er det viktig å...