Heim Nyhende Vil ha meir nynorsk hjå fylkeskommuen

Vil ha meir nynorsk hjå fylkeskommuen

 

– Eg har til gode å få eit saksdokument på nynorsk frå fylkeskommunen, stort sett alt er på bokmål, seier fylkestingspolitikar i Oppland,  Hanne Maren Blåfjelldal (FrP).

 

Ho meiner nynorskprosenten i fylkeskommunen er for låg, og oppfordra fylkesordføraren under fylkestingsmøtet i dag på kva ein kunne gjere for å få meir nynorsk.

– Det er uheldig med så lite nynorsk når fylket har omlag like mange nynorskkommunar som bokmålskommunar, resten er nøytrale. At offentlege organ har ei offensiv haldning til nynorsk er ekstremt viktig for at innbyggjarane skal ha dei rette haldningane. Og Oppland er eit fylke som slit med å få elevane til å halde på nynorsk, slår Blåfjelldal fast.

I tillegg til å vere Frp-politikar er Hanne Maren Blåfjelldal  prosjektleiar for skuleprosjektet i Vågå, til hausten byrjar ho som lærar ved Høyanger skule.

Les også: Kommunane som nynorskeigarar

– Politikarane må ta ansvar for dette. Det er me som er arbeidsgjevar, og då må me presse på. Eg meiner ein bør setje krav til ein viss prosentdel på nynorsk, og at ein kanskje køyrer kompetansehevingsprgam på nynorsk, som til dømes nynorskkurs for tilsette.

– Min kommentar som fylkesordførar , er at dette spørsmålet tar opp eit viktig tema der Oppland fylkeskommune kan vere meir medvitne på kva for språk vi nyttar i ulike samanhengar. Nynorsk må vere synleg på heimesidene til OFK, og me må i større grad legge fram dokument på nynorsk, seier fylkesordførar Gro Lundby (Ap) og viser til at fylkeskommunen også må ta stilling til om dei skal nytte normen om å svare på nynorske brev med nynorske svar.

– Eg vil arbeide for at nynorsk blir ein språkform vi nyttar meir aktivt i Oppland fylkeskommune.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...

Startar Nynorskstafetten i Nordhordland

I år er både LNK og Nynorsk kultursentrum med Noregs Mållag på Nynorskstafetten. Sidan 2013 har Norsk Målungdom og Noregs Mållag reist rundt i landet...

På høg tid å støtta læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar

Å støtta opplæring i nynorsk for vaksne innvandrarar er både eit godt disktriktstiltak og eit godt integreringstiltak. Det er eit skrikande behov for læremiddel på...