Heim Nyhende Diktarvegen lagt på is

Diktarvegen lagt på is

 

Selskapet Fjordvegen Diktarvegen er lagt på is. No skal ein kartlegge om diktarvegprosjektet er liv laga.

 

Diktarvegprosjektet er lagt sovande enn så lenge, då det ikkje lukkast å finansiera prosjektet. Verken departement eller fylkeskommunane har løvd midlar til prosjeket, trass i forskningsrapporten som viser at dette er eit godt prosjekt, seier Solfrid Borge som er styreleiar i selskapet Fjordvegen Diktarvegen.

Ho meiner organisasjonen har gjort eit tappert forsøk på å få realisert prosjektet utan å lukkast.

– Kanskje har me ikkje vore tydeleg nok i søknadane om midlar til prosjektet. Trur og dei som har vore mottakar av søknadane, ikkje heilt ser for seg koblinga mellom vegmidlar og kulturopplevingar, seier Borge.

– Generalforsamlinga har no bestemt at selskapet vert lagt på is ei stund før me tek endeleg avgjerd om selskapet sin eksistens. Samtidig vil IS Fjordvegen verta aktivisert på nytt, som er ein reindyrka vegselskap. Me hadde stor tru på Diktarvegprosjektet, der ein kunne kombinera opplevingar med vegen. Men slik gjekk det altså ikkje, så no får me ta ein “tenkje-pause”.

Styret i LNK eig projektet Diktarvegen og drøfta i sitt siste styremøte om det er grunnlag for vidare drift. Konklusjonen vart at LNK skal ta endeleg stilling til dette på sitt neste styremøte i september.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...