Heim Nyhende Frå nynorsk til bokmål på rutebåtar i vest

Frå nynorsk til bokmål på rutebåtar i vest

 

Etter at Norled tok over drifta av snøggbåtane i Sogn og Fjordane, får folk ikkje lenger informasjon på nynorsk. All tekst er no på bokmål. Det har skapt reaksjonar.

 

– Eg la merke til at informasjonen både på skjerm og på papir var på bokmål, medan Fylkesbaatane alltid hadde nynorsk som mål både på skjermar og på trykk i alle samanhengar, seier forfattar og tidlegare fylkesarkivar, Hermund Kleppa til NRK.

Han reagerer sterkt på at folk i nynorskland ikkje lenger får informasjon på si eiga målform og har teke saka opp med Sogn og Fjordane fylkeskommune. Som konsesjonstildelar meiner han fylkeskommunen har plikt til å ta ansvar for nynorsken.

 

Forstår reaksjonen
Kollektivrådgjevar Øystein Hunvik i fylkeskommunen forstår godt at Kleppa reagerer på at det ikkje lenger er nynorsk på snøggbåtane i Sogn og Fjordane.

– Sjølvsagt forstår vi reaksjonen. Vi har jo nynorsk som språk, og det er det vi skal ha. Men det er jo ein del båtar her som går i trafikk både for oss og andre stader. Då er det eit spørsmål om kva som er rett. Skal dei skifta til bokmål når ein båt går i oppdrag i eit bokmålsområde? Det er ein del slike praktiske tilnærmingar, så det er ikkje berre svart-kvitt, seier Hunvik.

Fylkeskommunen skal fredag ha eit møte med Norled, der målforma på båtane blir ei av sakene som skal diskuterast.

 

– Ikkje krav i tildelinga
Regionsjef for snøggbåtane i Norled, Bjørn Egil Søndenå, seier til NRK at selskapet ikkje har planar om å endra målforma. Han seier også at selskapet gjennom konsesjonsavtalen med Sogn og Fjordane fylkeskommune berre har krav om å skriv norsk, ikkje nynorsk.

Øystein Hunvik hos fylkeskommunen håpar likevel at det kan bli gjort ein del tilpassingar for å imøtekomma reaksjonane som har kome. (NPK)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...