95 kommunar gjekk i minus i fjor. Kommunal- og regionaldepartementet er ikkje bekymra, men KS meiner situasjonen ikkje er haldbar.
Nationen melder i dag at kvar fjerde kommune hadde eit negativt driftsresultat i 2011, og så mange kommunar med negativt driftsresultat har det ikkje vore i landet sidan 2008.
– Kommunane det gjeld får store utfordringar med å dekke inn underskotet i åra som kjem, seier områdedirektør for interessepolitikk Helge Eide i KS til avisa. Eide vil likevel ikkje kalle det ei krise, men meiner det er ein uhaldbar situasjon over tid.
Les også: Dette er Robek
Statssekretær Dag-Henrik Sandbakken (Sp) i Kommunal- og regionaldepartementet er ikkje så uroa over resultatet. Han seier sektoren samla sett har eit bra netto driftstresultat og peiker på at talet på kommunar i Robek-registeret er historisk lågt.
Les også: – Tøft å vere i Robek