Aud Søyland skal bruke sommaren til å skrive innføringsbok om den nye nynorske rettskrivinga.
Namn: Aud Søyland
Alder : 57
Yrke: Språkrettar, omsetjar og ordlisteredaktør
Brukar sommaren til? Til å skriva innføringsbok om ny nynorsk rettskriving, og til å ta imot slekt og venner som passerer Leira sommarstid.
Kva er ditt forhold til språk? Eg har vakse opp i ein nynorsk heim og visste då eg høyrde om norrønlinja på Bryne gymnas, at det var linja for meg. Eg kjenner meg heldig som kan ha nynorsk både som fritidsinteresse og som levebrød.
Korleis var det å bli heidersmedlem i Samlaget? Det var veldig stas, sjølv om mange sikkert lurte på kva eit heller ukjent namn hadde å gjera blant dei kjende personane som er heiderslagsmenn frå før. Det kjennest elles litt rart å vera heiderslagsmann, men eg ven meg nok til det.
Kva blir den viktigaste nynorsk-oppgåva no framover? Å sikra nynorsk både som hovudmål og sidemål i grunnskule og vidaregåande skule. Nynorskelevane må få undervisning i skriftlege fag i eigne klassar, og bokmålselevane må få møta sidemålet tidleg og ofte.