Heim Nyhende Kildahl går frå Olav H. Hauge-senteret

Kildahl går frå Olav H. Hauge-senteret

Kjersti Kildahl har sagt opp stillinga si som dagleg leiar ved Olav H. Hauge-senteret. 

 
Olav H. Hauge-senteret treng ny dagleg leiar etter at Kjersti Kildahl har valt å seie opp stillinga si i prøvetida.
Ho tok til 1. juni, og i samråd med direktør Ottar Grepstad fungerer ho som leiar fram til 7. september, heiter det i ei pressemelding.
 
– Prøvetida er der for at ein skal prøve ut. Med si robuste røynsle ville Kildahl hatt mykje å gi i denne stillinga, men no må vi berre godta denne avgjerda, seier Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.
 
Etter planen opnar Olav H. Hauge-senteret eit komplett publikumstilbod i mai 2014. I avgrensa format har senteret vore ope sidan sommaren 2011. Til Ulvik Poesifest presenterer Olav H. Hauge-senteret ei ny, lita utstilling.
 
– På denne måten gir vi noko attende til publikum alt før senteret er blitt det det skal vere, seier Grepstad.
 

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Språkrådet: Stavekontrollane er framleis like dårlege – bryt opplæringslova

Språkrådet har testa skriveprogram som blir brukte i skulen. Resultata er like dårlege som i 2025. Ingen av programma som er testa, oppfyller kravet frå...

Vestland vil ha filmar med nynorsk teksting

Fylkestinget i Vestland meiner det er på høg tid at kinofilmar får nynorsk underteksting. Over 35 prosent av dei kommunale kinoane i Noreg ligg i...

Krev like vilkår for nynorsk og bokmål i regjeringa si nye KI-satsing

Nynorsk bedriftsforum reagerer på at den nye nasjonale satsinga KI Norge berre er tilgjengeleg på bokmål ved lansering. KI Norge, som vart lansert 12. juni...

Kven er din kandidat til årets nynorskkommune?

Kultur- og likestillingsdepartementet skal kåre vinnaren av prisen «Årets nynorskkommune 2026». Prisen er på 200  000 kroner og vert delt ut annakvart år til ein...