Rockefestivalen Malakoff på Nordfjordeid er ein festival mange har merka seg både musikalsk og på måten han blir arrangert på. No er festivalen plukka ut som arrangørskulepilot av Norsk Rockforbund.
Saman med seks pilotarrangørar skal Malakoff læra opp konsertarrangørar i framtida, fortel NRK.
– No får vi ressursar til å læra opp ti ungdommar til å laga gode arrangement, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal i ei pressemelding.
Han seier at festivalen ønskjer å inspirera og leggja til rette for at ungdom kan driva med aktivitetar knytt til musikk heile året.
Dei andre som er plukka ut til vera arrangørskular er Ingebrigt Davik-huset, Buktafestivalen, Riddu Ridd, Døgnvillfestivalen og bluesklubben «Lofoten ramsalt og blå.» (©NPK)