Heim Nyhende Si eiga verd

Si eiga verd

Når ein stig i land på den vesle øya Borgøy, kan ein kjenne korleis ein er ute av auge og ute av sinn for alt som skjer på fastlandet.

– Somme av gjestene våre blir litt stressa av at det ikkje er så god mobildekning her. Andre synest det er heilt nydeleg å sleppe å vere så tilgjengeleg. Og vi har jo nettilgang, forklarar dagleg leiar av Borgøy Fjord Konferanse, Aashild Hettervik.

Ho sit på ein benk på brygga, med ein kaffikopp og eit glas med markblomar framføre seg. Blikket hennar vaktar mildt over bukta, ut der kor sommargjestene kjem siglande for å handle. Ho er midt i høgsesongen og kan ikkje berre sitje og slappe av og drikke kaffi; ho må passe butikken også.

No er ikkje sommargjestene hennar dei som tenkjer mest på nettilgang og mobildekning. Sommargjestene på Borgøy i Tysvær har hytte på øya eller i nærleiken og treng god mat i magen og is og brus til ungane.

Det var desse behova Aashild og mannen Per Gunnar såg for seg å stette då dei starta serveringsstaden i sjøhuset på Borgøy for 17 år sidan. Sjøhuset høyrde til på heimegarden til Per Gunnar, og faren og bestefaren hans hadde i si tid vore aktive yrkesfiskarar. No hadde far til Per Gunnar lagt opp som fiskar og byrja med notbøting i staden. Han trengte det store sjøhuset som verkstad i vinterhalvåret, medan Aashild kunne bruke det til serveringsstad om sommaren.

Ein god plan, tykte alle, og slik vart det. Sommargjestene kunne i tillegg til mat og drikke også bestille små turar i lokalmiljøet, som mellom anna huser hustuftene på fødestaden til kunstnaren Lars Hertervig, og andre aktivitetar som fort kunne hamne i kategorien teambuilding.

Måtte velje

Med høgsesong kvar si tid på året trudde Aashild og svigerfaren at det skulle gå greitt å dele på lokalet. Men båe verksemdene gjorde det så godt at dei fekk behov for større olbogerom. Svigerfar såg seg til slutt nøydd til å leige lokale hjå naboen og flytte verkstaden dit. Aashild og Per Gunnar utvida frå å ha eit reint dagstilbod til å tilby kurs- og konferanseverksemd i huset i vasskanten.

Borgøy Fjord Konferanse vart oppretta i 2006, med Aashild som dagleg leiar og Per Gunnar som styreleiar. Til då hadde Aashild kombinert jobben med serveringsstaden med jobb som mellom anna lokalavisredaktør, men no kravde verksemda ein person på jobb på heiltid.

– Eg måtte ta eit val, seier Aashild. – Anten jobben i avisa eller dette.

borgoy is
Om sommaren kjem små og store for å kjøpe is eller middag hjå Aashild. Somme er hyttefolk på øya, men også hyttefolk frå omlandet finn vegen inn i bukta for å bade, sigle eller handle litt.

Samarbeider med hyttefolket

Ho har ikkje angra på at det vart reiselivsbransjen som gjekk av med sigeren. For verksemda har vokse. Rimeleg kjapt melde behovet for meir overnattingsrom seg. Sjøhuset ligg kant i kant med vatnet på eine sida og berget på den andre, så her var det ikkje rom for utvidingar. Løysinga har blitt å bygge hytter som dei sel med ein avtale om å få bruke hyttene når dei treng det.

– Det betyr at vi leiger hyttene når vi treng rom til overnatting. Det har vi førsteretten til i åtte månader i året. Dei fire sommarmånadene bruker hytteeigarane hyttene sine som dei vil. Utanom sommarsesongen kan dei sjølvsagt ringe og høyre om hytta er ledig viss dei har lyst til å reise ut.

Ordninga har fungert godt for Borgøy Fjord Konferanse, og slik har dei no kapasitet til å ta i mot grupper på 25 til 30 personar. Og dersom gjestene kan dele rom, kan dei stille med 53 senger.

borgoy huset
Sjøhuset (t.h.) vart påbygd då bestefar til Per Gunnar Hettervik gjekk frå småbåt til fiskeskøyte. No rommar huset tre husvære, kafé og kjøkken.

Travle tider

No har dei godt belegg sesongen gjennom, og dei trekkjer til seg konferansegjester hovudsakleg frå Stavanger, Haugalandet, Stord og Hardanger. Vertskapet er svært fornøgde med at mange bedrifter kjem tilbake fleire gonger, noko som er den beste reklamen dei kan få, meiner Aashild. Og det er ho ekstra glad for, for marknadsføring synest ho kan vere ei krevjande øving.

– Når vi har det travelt med servering og oppvarting, er det ikkje tid til å tenkje på slikt. Og når ein endeleg kjem litt nedpå etter ein travel periode, er det så mykje anna ein skulle ha ordna.

Men det må gjerast, og for konferansesenteret kjem det nok vel med at Per Gunnar har reiselivsutdanning og har jobba i bransjen i mange år. Han er ikkje tilsett i firmaet, men jobbar som uavhengig reiselivskonsulent og tek del i drifta som kokk og fjellguide når dei har konferansar.

– Det fungerer veldig greitt slik, seier Aashild, som likevel må smile når vi spør om dei har hatt sommarferie i år. Slikt kan ein ikkje unne seg når ein driv ei slik sesongprega verksemd, må vite. Men familien syter for å ta seg ein dugande haustferie, det er litt lettare å planleggje det. Og med store ungar, ei jente på 13 og tvillingar på 15, som kan ta seg til og frå fastlandet med båt på eiga hand, så er det kanskje ikkje så naudsynt å ha følgje av mor og far heile sommaren lenger.

borgoy baat
Skyssbåten ligg klar ved kaien og ventar på passasjerar. Båtane er einaste middelet til å kome seg til fastlandet. Turen med skyssbåten tek ti minutt, og det er både toalett og fersk avis om bord.

Alle er i slekt

Aashild, Per Gunnar, dei tre barna og svigerfar er seks av i alt tretten menneske som bur på Borgøy. Alle tretten på øya er i familie. Så smått med folk har det ikkje alltid vore her. Øya var ein gong eit blomstrande samfunn med hovudsakleg småbruk, der kona hadde den daglege drifta medan mannen drog på sjøen for å fiske. Men fiskarane har blitt ein utdøyande rase også her, og mange har sett mon i å flytte inn til fastlandet, til fast arbeid og fast grunn under føtene.

For det er ikkje til å kome forbi at det ikkje alltid er like praktisk å bu og drive på ei øy når vintermørkret sig inn over landet og skyssbåten sluttar å gå klokka 16. Det er ikkje rom for mange spontane innfall då, sjølv om alle som bur på øya, sjølvsagt kan gå med eigen båt.

Om Borgøy er ein plass å bli verande på i framtida, verken kan eller vil Aashild svare på, i alle fall ikkje på vegner av barna. Dei synest ikkje alltid det er like stas å bu så avsides, seier ho. Men med kjapp og grei tilgang til Facebook er det ikkje så vanskeleg å halde det sosiale livet gåande, heller. Og øya har kvalitetar ein ikkje finn like enkelt andre stader.

Det er nok det som gjer dei og tilbodet deira så spesielt, meiner Aashild. Her er stilt på ein eigen måte, og ein kan få tømt sinnet og sjela for det kvardagslege og gjere seg klar for nytt påfyll.

– Det er som kundane våre ofte seier: Det er som å kome til ei anna verd.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...