Saka om meir nynorsk i trusopplæringa skulle etter planen bli drøfta på Kyrkjerådet sitt møte i juni, men no er saka utsett til september av praktiske årsaker.
Noregs Mållag vedtok på landsmøtet i 2010 ei fråsegn om å krevje meir nynorsk i trusopplæringa.
Ei aksjonsgruppe som kallar seg Språkleg rettferd i trusopplæringa har arbeidd med dette. Blant anna overleverte dei fråsegna og underskriftene frå dei omlag 100 sokneråda som har slutta seg til oppropet, til direktør i Kyrkjerådet, Jens-Petter Johnsen.
Les også: Kjempar for nynorsk trusopplæring