Heim Nyhende Vil få opp skapargleda

Vil få opp skapargleda

Gjennom prosjektet Nynorsk skaparkraft vil  kulturskulen i Jølster få barna til å bli glade i den nynorske kulturen og inspirere dei til å skape sjølve.

Det er kulturskulen saman med skulen, biblioteket og Nynorsksenteret som har ansvaret for prosjektet, og til dette har dei no fått 180 000 kroner av Utdanningsdirektoratet. Kulturskulerektor Anja Gulbrandsen er glad for pengane, men ser at dei kjem til å gå med.

– Vi har gapt høgare enn som så, så vi må nok ut og leite etter  meir pengar til dei einskilde tiltaka, seier ho til LNK.no.

Alle tiltaka i prosjektet er heller ikkje spikra enno, men det er i alle fall klart at alle elevar frå første til tiande klasse skal få vere med. Prosjektet har si forankring i kulturskulen, men også skulefritidsordninga (SFO) skal med. Arbeidsgruppa til prosjektet har nett hatt eit møte og har no blokka full av idear som femnar om ulike uttrykk som song, bildekunst og tekst.

Gjenreise stoltheita

Utgangspunktet for Nynorsk skaparkraft er mellom anna tilknytinga til Jølster-kunstnarane Nikolai Astrup og Ludvig Eikaas. Både Astruptunet og Eikaasgalleriet har opplevd sviktande besøkstal og det har til tider vore reist kritikk kring korleis desse institusjonane blir ivaretekne.  Det har sett sår i sjelene til jølstringane, seier kulturskulerektoren, som no håpar elevprosjektet kan vere med og gjenreise bevisstheita og stoltheita over kunstnarane samstundes som ein lokkar fram kommunen si kulturelle identitet. Her kjem også språket inn, og Gulbrandsen peiker på at det å skape leselyst vil vere ein viktig brikke i dette spelet.

– Dessverre er det ei generell oppfatning der ute at det blir utgitt så lite nynorsk litteratur, og derfor må ungane berre lese bokmål. 

No ønskjer dei involverte å vise foreldra at dette ikkje stemmer og løfte den nynorske litteraturen opp og fram.

Jubileum 2013

Nynorsk skaparkraft skal vare heile dette skuleåret, og Gulbrandsen reknar med at ein del av det som kjem ut av prosjektet blir å sjå att når Sogn og Fjordane fylkeskommune feirar 250-årsjubileum i 2013.

– Jølster kommune er blitt bedne om å bidra til markeringa, og då synest vi det er naturleg at vi deltek med noko som barna har vore med og arbeidd fram, seier kulturskulerektoren.

Førre artikkelUtsett språksak
Neste artikkelFramtida.no får EU-støtte

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Alt gjer seg betre på nynorsk

Prisvinnar Øystein Furevik gir folk nynorsk i ei verd prega av engelsk. For han er nemleg alt betre på nynorsk. – For meg er nynorsk...

Nynorsk kultursentrum stiller opp for Det Norske Teatret

Det Norske Teatret troppa opp på Festspela for å lansere si nye kampanje for å tette finaniseringsgapet som har utvikla seg samanlikna med Nathionaltheatret....

Nynorsk barnelitteraturpris til Markus Lantto og Camilla Kuhn

Forfattar Markus Lantto og illustratør Camilla Kuhn har fått Nynorsk barnelitteraturpris 2022 for boka Kåre og Marimba hjelper til gjeven ut på Samlaget. – Juryen...

Ber storsamfunnet syta for at retten til eige språk og kultur er reell

Landstinget til LNK Nynorskkommunane kom med støtte til samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar. – Me i LNK Nynorskkommunane var samla til landsting same dag som...