Heim Nyhende Framtida.no får EU-støtte

Framtida.no får EU-støtte

Nyhende- og debattavisa for unge, Framtida.no, har fått 20.000 frå Eurodesk til å utvikla ei temaside for internasjonal studie- og jobbutveksling for ungdom.

På denne temasida skal ein samla lenkjer til dei viktigaste nettstadane for internasjonal utveksling, laga artiklar og reportasjar om ungdom som er på utveksling i Europa og andre forbrukarsaker om utveksling. No søkjer Framtida.no etter elevar og studentar som er på utveksling i Europa til å blogga om korleis det er å studera ute.

– Så vidt me kjenner til finst det i dag lite, om noko i det heile, internasjonal ungdomsinformasjon på nynorsk. Tiltaket vårt vil gjera noko med dette, og gjennom Framtida.no meiner me at informasjonen som me vil samla, vil nå breitt ut til ungdom, seier Svein Olav Langåker, prosjektleiar i Framtida.no.

Eurodesk er ein del av EU-programmet Aktiv Ungdom, og tilbyr informasjon om studier, stipend og jobb i Europa.

Førre artikkelVil få opp skapargleda
Neste artikkelSatsar vidare

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...