Heim Innspel Satsar vidare

Satsar vidare

Fagforbundet og Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) underteikna
tysdag ein samarbeidsavtale for dei neste fem åra.

 

Avtalen inneber at språkkursa til LNK framleis kan vera gratis for kommunetilsette. Dessutan inneber avtalen at LNK får høve til å gje viktig økonomisk støtte til nyhende- og debattavisa for unge, Framtida.no, nettidsskriftet for ungdom, Magasinett, og kulturavisa for barnehage og småskule, Pirion.

Leiar i Fagforbundet Jan Davidsen seier dette om kvifor dei støttar arbeidet til LNK:

–– Folk tar for lett på kor viktig identiteten vår er. Det er ingenting som identifiserer folk meir enn språk når ein ikkje lenger bryr seg med utsjånaden til folk. Som organisasjon er noko av det viktigaste ein kangjera å underbyggja identiteten til medlemmane våre.

Davidsen legg til at det er viktig for Fagforbundet å visa at ein gjer noko for medlemmane i heile Noreg.

– Å utvikla normer og respekt for den språklege identiteten er viktig. Å vera trygg på eigen identitet er viktig for sjølvkjensla og likeverd, understrekar han.

–– Det er ikkje så stor forskjell på å jobba for faglege rettar og språklege rettar, legg Vidar Høviskeland til. Han held fast at avtalen vil styrkja arbeidet til LNK dei neste fem åra.

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...