Tv-teksting eller dubbing? Det er eitt av spørsmåla som skal diskuterast på det nordiske språkmøtet i Oslo torsdag og fredag.
På det nordiske språkmøtet blir det mellom anna stilt spørsmål om kva som vil skje dersom born og unge får sjå færre tv-program frå nabolanda på originalspråket. Føredragshaldarar frå dei nordiske landa skal innleie om tv-teksting, og professor Arne Torp skal kåsere om «Teksting eller nordisk fordubbing?», opplyser Språkrådet i ei pressemelding.
På programmet står også paneldebatt med Olemic Thommessen, stortingsrepresentant og styreleder i Foreningen Norden, Nils Stokke, redaktør i NRK Super, og Mathilde Fasting, prosjektleiar i Civita.
Det nordiske språkmøtet blir arrangert årleg i eitt av dei nordiske landa. I år er Språkrådet i Norge vert for møtet, som blir arrangert på Holmenkollen Park Hotel Rica i Oslo. (NPK)