Terje Torkildsen skriv bøker for å spreie leselyst blant ungdom. Målgruppa hans har vore med og bestemt retninga på forteljingane. Dei har også gjeve han UPrisen to gonger.
Det er ungdomsskuleelevar frå heile landet som kårar vinnarar av UPrisen, i regi av Foreningen !les og Litteraturfestivalen.
– Eg synest det er stas å få den prisen som vert delt ut av ungdomane sjølve. Dette er ungdomens populærpris. Eg skriv for ungdomane, ikkje for tantene. Det er sjeldan at til dømes Brageprisen nominerer dei same bøkene som UPrisen, seier Stavanger-forfattaren som i vår vart tildelt prisen for andre gong, for romanen Dystopia III. Han fekk også prisen for debutromanen Marki Marco i 2009.
Dystopia III er tredje bok i tetralogien om syttenåringar frå International School of Stavanger som er på studietur i London då byen blir ramma av den verste naturkatastrofen i manns minne. Den fjerde og siste boka i serien vert gjeven ut i desse dagar.
– Eg har fullført to verk for ungdom – ein roman og ein serie – og fått UPrisen for begge. Eg er godt nøgd med det. Det er denne prisen eg helst vil ha, slår prisvinnaren fast.
Språkleg slankekur
Terje Torkildsen skriv særleg for dei som ikkje er så glade i å lese.
– Skremmande mange går ut av ungdomsskulen utan å ha lese ein roman. Det gjeld særleg gutar. Eg har hatt eit mål om å skape leselyst hjå dei, fortel han.
Og Torkildsen gjekk ganske nye vegar for å forsikre seg om at han nådde dei han ville nå. Han involverte tre 10.-klassar på St. Svithun skole i Stavanger i arbeidet.
– Skulen gjorde dette som eit prosjekt. Eg skreiv og sende inn stadig nye kapittel til boka, elevane las det eg skreiv, og gav tilbakemeldingar – utan at dei visste kven avsendaren var. Det var ei språkleg aha-oppleving for meg.
– Så tilbakemeldingane førte til direkte endringar?
– Ja, særleg i språket. Forfattarar likar å bruke ord. Ungdomane vil ha handling og kjapp dialog. Eg måtte fjerne måleriske skildringar, indre monologar og historiske fakta og heller tenke actionfilm og humor. Boka vart skriven i ein veldig direkte stil. Dette er språk utan feitt, konstaterer norsklektor Torkildsen, som har halde fram med å bruke ungdomar som konsulentar når han skriv bøkene sine.
– Kva seier andre forfattarar om at du så openlyst gir folket det dei vil ha?
– Det bryt kanskje med det romantiske kunstnaridealet, der forfattarar skriv for skrivinga si skuld, men for meg er dette eit opplysingsprosjekt. Eg vil at så mange som mogeleg skal lese bøkene mine – og verte begeistra.
– Så du møter fleire anerkjennande nikk enn rynka nasar?
– Ja, og særleg blant andre nynorskforfattarar, meiner Torkildsen.
Nynorsk humor
Det var ikkje sjølvsagt at Terje Torkildsen, oppvaksen i byen og med bokmål som einaste hovudmålsalternativ på skulen, skulle bli nynorskforfattar. Ofte blir poesien i språket trekt fram som årsak når folk frå bokmålsland vel nynorsken. For standup-komikar Torkildsen var det humoren.
– Eg har drive med standup sidan tidleg på nittitalet, og har alltid skrive tekstane på dialekt. Ein periode skreiv eg tekstar til radioprogrammet «Hallo i uken». Eg fann ut at det var uråd å vera løyen på bokmål. Nynorsk er betre eigna når ein skal gjere tankar om til ord. Eg har også eit mål om å spreie betre haldningar til nynorsk, seier Torkildsen, som ikkje er åleine om å velje den målforma når det skal skrivast for ungdom.
– Det er kjekt å skrive på nynorsk for tida. Det vert gjeve ut mange gode, morosame bøker på nynorsk, og det skjer mykje spennande i Samlaget. Fire av seks vinnarar av UPrisen har til dømes vore bøker på nynorsk, illustrerer han.
– Har erfaringa som komikar vore nyttig når du er forfattar?
– Ja, det er godt å vite litt om kva som slår an, men det er mykje vanskelegare å vere morosam på trykk enn i møte med publikum. Eg har særleg nytte av det når eg reiser rundt på turné og møter lesarane mine. Det finst forfattarar som skriv for ungdom, men som helst ikkje vil møte lesarane. Eg brukar desse møta aktivt og har nok presentert bøkene for 10 000 unge. Då kjem erfaringa som komikar verkeleg til nytte, slår han fast.
– UNESCO har funne ut at 30 prosent av all kulturformidling mot ungdom er feilslått. Eg hugsar frå mi eiga skuletid kor keisamt det ofte var når me skulle møte forfattarar eller andre kunstnarar. Det må gjerast skikkeleg, legg Torkildsen til.
Dyr kulturby
Den Stavanger-baserte forfattaren er glad for at han ikkje flytta til Oslo då karrieren byrja å ta av. Han meiner det er lettare å få nye impulsar om ein har base andre stader.
– Forfattarar har lett for å trekkje til Oslo. Det gjer at forfattarmiljøet blir ein klikk som held seg med sine. Miljøet er ikkje så stort, så laugstanken blir sterk, og nye impulsar får vanskar med å finne vegen inn, seier Terje Torkildsen, som sjølv opplevde ein kulturell gullalder blant unge kunstnarar i Stavanger på nittitalet.
– Eg kom frå studentrevyar og byrja med standup. Me var fleire som dreiv med det. Me var fleire som dreiv med det, og Humorfestivalen og Per Inge Torkelsen var viktige inspirasjonskjelder for meg og min generasjon løgnasar, fortel Torkildsen..
Men det var ikkje berre humoristane som blomstra i Stavanger i denne perioden. Kreativiteten og samarbeidet gjekk ofte på tvers av kulturuttrykka.
– Filmen Mongoland er eit godt døme på fruktene av samarbeidet mellom filmskaparar, musikarar, forfattarar, skodespelarar og andre kunstnarar, seier Torkildsen som ikkje ser like lyst på Stavanger si framtid som pulserande kulturby. Han er glad for at han alt er etablert med bustad i oljebyen. Han hadde sett mørkt på det om han skulle ha etablert seg i dag.
– Stavanger er i ferd med å prise seg ut for unge kunstnarar. Det er fem gonger dyrare å etablere seg her enn i ein by som Berlin. Kunstnarar er idiotar om dei vel Stavanger, meiner han.
Leik med sjangrar
Terje Torkildsen har skrive fem ungdomsbøker på fem år. Dei har alle vore ulike. Han likar å leike med sjangrar og er spent på korleis den siste boka vert motteken.
– Marki Marco er ein thriller. Dei fire bøkene i Dystopia-serien er ulike, sjølv om historia og stilen er gjenkjenneleg gjennom heile serien. Den første boka er ein fluktroman, den andre er ein sjølvbergingsroman med thrillerpreg og den tredje er ein krimroman. Den fjerde er ein litt tyngre filosofisk/politisk roman, men ikkje tyngre enn at dei som har lest dei tre første, også vil like den siste, trur Torkildsen.
– Det har vore kjekt å sjå at det er ganske jamt fordelt kva for ei bok lesarane likar best. Men uansett sjanger er det dei same universelle historiene som vert fortalde i romanar. Det er det også uavhengig av periodar, sjølv om dagens bøker er kjappare og meir språkleg korthogde. Det gjeld også for humorshow, tv-program og mange andre uttrykksformer, seier han.
Etter fem ungdomsromanar har Terje Torkildsen byrja å tenkje i andre banar når han planlegg nye skriveprosjekt. Tankane har ikkje landa enno.
– Nett no kjenner eg meg ferdig med å skrive for ungdom. Eg jobbar med nokre humorprosjekt, og eg har også lyst til å skrive ein roman for vaksne ein gong. Det er ikkje heilt avgjort kva som blir neste store prosjekt, seier forfattaren som er midt i lanseringa av Dystopia IV – siste bok i serien med lettleste bøker for ungdom som i utgangspunktet ikkje er så glade i å lese.
– Det er spennande. Eg har merka suget frå lesarane mine.
– Er du ein misjonær for leselysta?
– Ja, eg har ikkje noko imot den merkelappen.
Sjølvmelding
Namn: Terje Torkildsen
Alder: 41
Bur: Stavanger
Sivil status: Driv blondinefabrikk saman med kona Trude Hoel
Les: Altfor lite
Høyrer på: Rachmaninov og Tønes
Førebilete: Jens Zetlitz og Per Inge Torkelsen