Er du av dei som har gått og venta på at Wordfeud skulle kome på nynorsk? No treng du ikkje vente meir, no er nynorskvarianten på plass.
Eid Målungdom og Eid kommune bad tidlegare LNK ta initativ til å få på plass ei nynorsk utgåve av spelet Wordfeud, og i august kunne den norske utviklaren Håkon Bertheussen fortelje at den nynorske ordboka til spelet ville vere på plass i løpet av hausten.
No er dette klart slik at alle som lastar ned appen kan velje mellom i alt 11 språkformer, deriblant altså nynorsk. Har du allereie Wordfeud installert held det å oppdatere den versjonen du har.
Wordfeud er eit ordspel som er temmeleg likt Scrabble, men utvilka for smarttelefonar. Spelet har blitt svært populært og blir lasta ned og spelt over heile verda.