Heim Innspel Kommentar: Nynorsk = folkestyre

Kommentar: Nynorsk = folkestyre

Det er i underkant av eit år til neste Stortingsval. Sogn og Fjordane – det nynorske grunnfjellet – har mista eit stortingsmandat.

I 2013 skal vi sende fire representantar til Oslo mot fem tidlegare. Som valkrins greier vi ikkje å halde oppe ein stor nok del av folketalet til å kunne halde på dei fem folkevalde. Vi misser ei stemme i det daglege arbeidet i nasjonalforsamlinga vår.

Språkpolitikken er gjenstand for merksemd og diskusjon. Det er bra. Det må bety at språkpolitikken er viktig for politikarane. Som nynorskbrukar er eg oppteken av korleis dei ulike partia formulerer sin språkpolitikk. Det seier meg noko om deira kulturforståing. Det fortel meg også noko om korleis dei ser føre seg at eit fleirtal skal te seg overfor eit mindretal; kva ansvar fleirtalet er villige til å ta for å sikre mindretalet sine rettar.

I «Årstale om tilstanden for nynorsk skriftkultur» førre veke var Ottar Grepstad innom det han kalla «Den nynorske forteljinga», og lanserte då tolv bodord frå ei ny forteljing om nynorsk. Eit av desse bodorda lyder slik: «Nynorsk er eit språk for demokrati. Meir språk gav folkestyre, og folkestyret utvida språket».

Grepstad forklarer dette m.a. med at nynorsk viser ein politisk metode for å bygge folkestyre gjennom lokal mobilisering og ein stat styrt av folkevalde. Utviklinga av nynorsk speglar grunnprinsippet i folkestyret om at fleirtalet sikrar rettane for mindretalet, seier Grepstad.

Fleire land gjer vedtak som sikrar innbyggjarane språklege rettar. Gjennom dette bidreg dei til språkleg mangfald. Ein del av dei politiske utspela og valprogramframlegga vi har sett her i Noreg siste året, kan lett peike i ei anna retning. Og då er det viktig å peike på at språk er noko meir enn språk. Det er kultur og identitet. Det handlar om kven eg er som individ og borgar.

Språkpolitikk er for viktig til at den kan overlatast til sentrale styresmakter aleine. Difor har Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedteke ei nynorsk satsing for å styrkje nynorsken sin posisjon i fylket. Gjennom dette vil Sogn og Fjordane også markere seg på den nasjonale språkpolitiske arenaen, og kunne gje støtte til dei som skal representere fylket vårt i nasjonalforsamlinga. Dei skal vere med på å utvikle den norske språkpolitikken framover. Dei vil i mange situasjonar oppleve å utgjere eit mindretal i ein fleirtalssamanheng.

Vi treng folkevalde på alle nivå som engasjerer seg i kva retning språkpolitikken i Noreg tek!

 

Førre artikkelVil privatisere NRK
Neste artikkelSpråkstrid i romanform

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...