Heim Nyhende 5,7 millioner til likestillingstiltak i kommunene

5,7 millioner til likestillingstiltak i kommunene

Barne-, likestillings- og inkluderingsminister Inga Marte Thorkildsen (SV) leitar etter kommunar som vil styrke likestillingskompetansen. 

 

19 utvalgde kommunar skal få 300 000 kroner kvar for å setje søkjelyset på likestilling. Målet er å integrere likestillingsperspektivet i praktisk politikk. Prosjektperioden går fram til 2014. 

– Gode kommunale tenester gjer kommunen til ein god stad å bu. Barnehagar, pleie og omsorgtenester og barnevern kan alle bli endå flinkare til å legge til rette for gutar og jenter, kvinner og menn. Målet er bedre tenester og meir nøgde brukarar, seier Thorkildsen i ei pressemelding. 

Kommunane som kjem med i programmet Likestilte kommunar får økonomisk og fagleg hjelp.

– Me forventar at offentlege tenester er kjønnsnøytrale. Men me ser at det kan vere stor forskjell på tilbodet til menn og kvinner. Til dømes veit me at det nokre stadar er slik at organisasjonar med flest gutar frå ein større del av tilskot enn organisasjonar der jentene er i fleirtal. Andre stadar ser me at einslege menn ligg lenger på rehabilitering enn einslege kvinner. Kommunane får no ein sjans til å bli meir bevisste og setje inn tiltak, seier statsråden.

Likestillingssenteret på Hamar, KUN senter for kunnskap og likestilling og Senter for likestilling har ansvaret for gjennomføringa av programmet.

Førre artikkelFredar Odda smelteverk
Neste artikkel– For uforpliktande

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...