Heim Nyhende Førde: Chat med kommunen

Førde: Chat med kommunen

Stadig fleire kommunetilsette brukar dagen sin på å chatte med innbyggjarane. – Vi har hatt dette tilbodet i to år, men og ser gjerne at fleire vel nettprat for å kome i kontakt med oss, seier Marit Solheim ved sørvistorget i Førde.

Kvar veke viser vi deg eit glimt frå ein

av kommunane som er med i LNK.

Denne veka: Førde

Info

Nytt frå Førde:
BT legg ned Førde-kontoret

Aktuelle lenker:

Førde kommune
Facebook

 

Så er det ikkje sikkert ho og dei andre tilsette på sørvistorget kan svare på absolutt alt folk lurer på, men det dei ikkje har svar på sjølve sender dei vidare til andre som kan hjelpe.

– Veit de kven de snakkar med på nettprat?

– Vi kan ikkje sjå dei vi snakkar med, så vi veit ikkje kven dei er med mindre dei presenterer seg, seier Solheim. Brukarane får derimot opp bilde og namn på den personen på sørvistorget som svarar dei i nettpraten.

– Kva er det folk vil snakke med dykk om i nettprat?

– Det er mest generelle spørsmål, som opningstider i kulturhuset og spørsmål knytte til barnehageopptak, forklarar Solheim.

Konkrete spørsmål som det er lett å gje konkrete tilbakemelding på er det som eignar seg best til nettprat, meiner ho og kollegaene på sørvistorget. Treng ein ei grundig vurdering meir enn eit kjapt svar, er nok framleis telefon det beste

kommunikasjonsmiddelet, seier ho. Men fleire burde bruke nettprat enn i dag, slår Solheim fast.

– Framleis ser det ut til at folk helst ringjer. Men har ein først brukt nettpraten ein gong og fått hjelp, så trur vi at ein vil bruke tenesta fleire gonger.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...