Heim Nyhende Herøy: Lokale forfattarar sel best

Herøy: Lokale forfattarar sel best

Kom ikkje her med internasjonal erotika og kongelege biografiar. I Fosnavåg er det lokale bøker som sel best.

Kvar veke viser vi deg eit glimt frå ein

av kommunane som er med i LNK.

Denne veka: Herøy

Info

Nytt frå Førde:
Havyard kjøper MMC
Hentar ut gull frå havets sølv

Aktuelle lenker:

Herøy kommune
Facebook
Herøynytt

 

Dei tre mestseljande bøkene i bokhandelen i Fosnavåg no er alle skrive av lokale forfattarar. Det er boksansvarleg hjå Libris, Karete Johannesen, svært nøgd med.

– 10 av 20 bøker på bestseljarlista vår er faktisk lokale, smiler ho. 

Mat på topp

Øvst på bestseljarlista ligg kokeboka Go’biten, skrive av to lærarar ved Herøy vidaregåande skule, Olaug Hatløy og Ingebjørg Lyster. I denne boka har dei ikkje berre samla gamle lokale oppskrifter, dei har også dratt inn historia frå plassen og dei har brukt lokale fotografar. Boka vart lansert med brask og bram, med boksignering og servering av smaksprøver i butikken.

Politi Tone Nørvåg sine bøker om politihunden Falk har òg slått godt an i Fosnavåg, og den nyaste boka hennar ligg no på andreplass på bestseljarlista. Nørvåg sine bøker er geografisk plasserte i nærmiljøet hennar slik at folk kan kjenne seg att.

– Vi har aldri hatt så lang signeringskø som då Nørvåg kom ut med første boka i fjor, seier Johannessen. Det er viktig, meiner ho, at forfattarane byr på seg sjølv og ikkje gøymer seg vekk så fort dei er ferdige med boka si.

Kjensfolk

Trude Teige er eit kjend namn for tv-sjåarane, og ho har også gitt ut ei rekkje bøker dei siste åra. Krimboka Svik er den tredje mest selde boka i Fosnavåg no.

– Trude Teige bur ikkje her lenger, men det er klart at når ho kjem hit så vil folk treffe ho. Vi har hatt lansering med ho både i fjor og i år.

Det er nok ikkje heilt uvanleg at lokale bøker klatrar fort opp på salslistene, seier Johannessen, spesielt i mindre kommunar.  Ho trur oppskrifta på ein slike suksessar er at mange er med og løfter dei lokale fram i lag.

– Vi for vår del frontar dei godt i butikken, og har ein eigen avdeling for lokale forfattarar.

Det er også avgjerande at mange kjenner forfattarane i byen og kjem for å møte dei når dei kan.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

MEST LESE

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Gode grunnar for å velja nynorsk i vaksenopplæringa

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK på møte med arbeids- inkluderingsminister Kjersti Stenseng for å visa kor viktig det er satsa på nynorsk i...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Nettseminar: Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa?

Torsdag 24. september klokka 14.00–15.30 inviterer vi til nettseminaret Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa? Det er Noregs Mållag, Nynorsksenteret med personar frå ressursgruppa, og...