Bø Mållag vil gje gratis språkvask av annonsene til næringslivet i Bø.
Mållaget meiner bedriftene i kommunen brukar for lite nynorsk og dialekt i marknadsføringa, det ynskjer dei no å gjere noko med.
– Annonsene som næringslivet brukar er ein svært synleg faktor i lokalsamfunnet, seier leiar i Bø Målllag, Bjørn Seljebotn til Bø blad.
Han har samanlikna annonsene i dei to lokalavisene Vest-Telemark Blad og Bø blad, og meiner at næringslivet i Vest-Telemark er flinkare til å bruke nynorsk. Mållaget ynskjer no å tilby næringslivet gratis hjelp med å omsetje annonsene til nynorsk.
– Me håpar at dette kan redusere terskelen for næringslivet i Bø til å ta i bruk nynorsk i marknadsføringa si, seier Seljebotn.