Heim Nyhende Lite nynorsk i Sogndal

Lite nynorsk i Sogndal

På eit nyopna kjøpesenter i nynorskfylket Sogn og Fjordane er det helst berre bokmål å sjå. Men kundane vil ha nynorsk, melder NRK.

Fleire av kundane NRK har snakka med seier det ville vore naturleg at næringslivet brukte nynorsk i marknadsføringa og meiner det er kjipt å ikkje møte det målet dei er oppvaksne med.

Butikkane skuldar for ein stor del på kjedene dei er ein del av. 

Dagleg leiar Kristine Gundersen hjå Cubus seier butikken er sentralstyrt frå Oslo, så då blir alle plakatar på bokmål.

– Vi kan alltids levere eit ønskje, men eg trur ikkje det kjem til å skje noko, seier ho til NRK.

Hjå Intersport fortel dei at dei bruker nynorsk i lokal marknadsføring, men at materiellet som kjem frå kjeda er på bokmål. Det ville blitt dyrt viss kjeda skulle trykt opp alt materiell i to målformer, meiner dagleg leiar Reidar Dvergsdal. 

Språkforskar Jan Olav Fretland er skuffa over at butikkane brukar bokmål og seier det viser at butikkane ikkje tek kundane på alvor.

– Det som har vore spesielt i Sogndal er at vi har hatt nokon som har gått føre og vist at dette går an. Det handlar om å vere tøff og krevje ting, då får ein det på nynorsk, seier Fretland.

Les heile saken på NRK Sogn og Fjordane

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

MEST LESE

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Gode grunnar for å velja nynorsk i vaksenopplæringa

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK på møte med arbeids- inkluderingsminister Kjersti Stenseng for å visa kor viktig det er satsa på nynorsk i...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Nettseminar: Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa?

Torsdag 24. september klokka 14.00–15.30 inviterer vi til nettseminaret Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa? Det er Noregs Mållag, Nynorsksenteret med personar frå ressursgruppa, og...