– Noregs Mållag er veldig glad for at SV og kunnskapsministeren no går inn for ein eigen karakter i sidemål, seier leiar i Noregs Mållag Håvard B. Øvregård.
Under landsstyremøtet i helga har SV vedteke ei fråsegn som slår fast at SV går inn for at vurderingsordninga i norskfaget skal ha ein eigen karakter i sidemål. Det tyder at høyringsalternativ utan særleg prøving i sidemålskompetansen ikkje vert sendt på høyring.
– Det er svært gledeleg at SV no ryddar av vegen det som i vinter var uklårt. At SV no ynskjer ein eigen karakter i sidemål, gjev oss armslag til å finne den fagleg beste løysinga for å gjere elevane flinkast mogleg i både nynorsk og bokmål, seier Håvard B. Øvregård i ei pressemelding.
Under debatten på landsstyremøtet var det òg gjeve ei brei støtte til at tidleg start med sidemål er bra for sidemålsopplæringa.
– Tidleg start med sidemålsundervisning for bokmålselevane betrar både haldningane til og ferdigheitene i nynorsk. Dette gjer sidemålsundervisninga lettare på ungdomsskulen og i vidaregåande, seier Håvard B. Øvregård.