Heim Nyhende Voss: Ny vår for nynorsken

Voss: Ny vår for nynorsken

Voss bibliotek har fått 100 000 kroner av Fritt Ord for å setje den nynorske kvinnestemma på dagsorden. 

Kvar veke viser vi deg eit glimt frå ein av kommunane som er med i LNK.

Denne veka: Voss

Voss

Nytt frå Voss:
Tre gledelege millionar

Aktuelle lenker:
Voss kommune
Voss bibliotek på Facebook

 

Neste år er det 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd, og det er 100 år sidan kvinner fekk stemmerett her i landet. Desse to jubilea kunne godt la seg kombinerte, tenkte Voss bibliotek, og slik vart Nynorsk damevår til.

– Vi synest det var naturleg å framheve dei kvinnelege forfattarane i dette kvinneåret, og skal no ha besøk av fem nynorskforfattarar våren 2013, forklarar biblioteksjef Inger Dyrnesli.

Desse fem skal snakke om litteratur, men også om andre tema som er naturlege i forhold til forfattarskapen deira. Forfattarane er Aina Basso, Olaug Nilssen, Arnhild Skre, Karin Moe og Marta Norheim. Første besøk blir i januar, og sidan går det slag i slag ut over våren.

Samarbeider lokalt

Biblioteket skal samarbeide med bokentusiastane i leseklubben Lesehug om Nynorsk damevår. Det er biblioteksjefen glad for.

– Lesehug kom til oss ein dag og bad om å få vere med på å skipe til litterære arrangement. Det var eit tilbod for godt til å seie nei til.

Biblioteket har hatt eit prosjekt i heile 2012 som handlar om å samarbeide med lokale organisasjonar og institusjonar.

Det har resultert i ulike tiltak som forfattarbesøk i samband med poesifestivalen i Ulvik, fleire skulebesøk og foredrag med nynorske litteratur som gjennomgangstema.

Meir for dei små

Dyrnesli og kollegaene gler seg dessutan over lokalane biblioteket har fått i det nye kulturhuset på Voss.  No har biblioteket rom for slike arrangement, og det kjem vel med for ein organisasjon med høg aktivitet.

Inger Dyrnesli seier den nynorske litteraturen har eit godt fotfeste i Voss, men ønskjer seg meir litteratur for dei yngste.

– Det er litt trist når dei yngste som  nett har lært seg bokstavane kjem på biblioteket for å lese, og så kan vi nesten berre tilby dei bøker på bokmål.

Det er for lite bøker på nynorsk for dei minste, meiner biblioteksjefen på Voss. 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...