Heim Nyhende Små kommunar har meir effektivt barnevern

Små kommunar har meir effektivt barnevern

Barnevernet i små kommunar fangar opp fleire barn og hjelper fleire enn det store kommunar klarer. Samstundes aukar talet på småbarn i barnevernet.

 

Det er selskapet Deloitte som på oppdrag frå Kommunesektorens organisasjon KS har undersøkt barnevernet i små kommunar, skriv Nationen.

Resultata viser at talet på barn som får hjelp frå barnevernet, auka kraftig i tiårsperioden frå 2001 til 2011. I små kommunar (under 5.000 innbyggjarar) auka talet med 56 prosent, medan auken i dei store kommunane var på 53 prosent.

Undersøkinga viser også at barnevernet er mest styrkt i dei små kommunane, som har fått 61 prosent fleire årsverk. Dei store kommunane har hatt ein auke i talet på årsverk på 47 prosent.

– Litt meir nyansert bilete
– Vi høyrer ofte om små kommunar som ikkje fangar opp tilfelle. Undersøkinga viser at dette biletet bør nyanserast litt, seier Anne Jensen, rådgjevar i helse- og velferdsavdelinga i KS.

Rapporten konkluderer med at småkommunane undersøkjer fleire barn, set inn tiltak mot fleire og brukar større ressursar på saksbehandling per barn. Dei brukar også meir pengar på tiltak i heimen enn større kommunar.

Over halvparten av dei 232 små kommunane som var med i undersøkinga, har oppretta interkommunale barnevernssamarbeid, og fleire kommunar planlegg dette.

Fleire småbarn får hjelp
I ein analyse frå Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) heiter det at talet på barn under seks år som fekk hjelp av barnevernet i perioden 2008 til 2011, har auka med heile 26 prosent. Til samanlikning var auken frå 1995 til 2008 på 22 prosent.

NOVA-forskar Kirsti Valset seier til Dagsavisen at ho meiner at auken, i tillegg til meir ressursar hjå barnevernet, også kan kome av at terskelen for å kontakte barnevernet har vorte lågare. (NPK)

 

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...