Heim Innspel Pisk eller gulrot

Pisk eller gulrot

Som statstilsette skal vi halde oss til målvedtak i kommunane og fylkeskommunane. Målvedtaka er ein av piskane for å ta vare på språkformene. Er det til nytte?

Som kommunikasjonsmedarbeidar i Distriktssenteret er eg også ein av språkrøktarane internt. Eg gjer mitt beste for at vi skal skrive (og snakke) klart, tydeleg og forståeleg. Og på riktig målform. Balansen mellom målformene er ikkje noko problem. Med over 40 prosent av kvar målform både på nett og i trykksaker kjenner vi oss nokså flinke. Sidan vi er til for å tene kommunar, fylkeskommunar og departement har vi heller ikkje så mykje innbyggjarkontakt. Men vi møter krav.

Vedtak med krav om målform i skriv frå statsorgan, heiter det på fint. Sett frå den enkelte medarbeidar er det ikkje så beint fram som det kan verke. Tre fylkeskommunar skal ha skriva på nynorsk, to på bokmål og resten er ikkje så nøye på det – dei er nøytrale.

Eg har ikkje gjort noko teljing av kommunane. Lista er lang. Vedtaka om kva målform desse organisasjonane skal ha skriv frå oss på må vi jo rette oss etter. Hjelp frå dei sjølve får vi rett nok ikkje. Langt frå alle desse praktiserer den same målforma som arbeidsmålform. Resultatet er at vi vert kontakta på bokmål sjølv om vi skal bruke nynorsk i vår kontakt med den organisasjonen. Det er på dette punktet vi ikkje klarar å følgje Mållova. Utan at vi får ei einaste klage. Går eg då rundt og fortel kollegene mine at dei gjer feil, er ikkje det akkurat motiverande. Eg møter ikkje mykje forståing om eg kjem rundt med pisken og seier «skriv nynorsk».

Eg er ikkje i mot språkreglane og eit lovmessig vern av dei to målformene våre. Det eg lurar på er om det tener målet å gjere alt så firkanta. Dessutan er det mest firkanta på papiret. Strenge formuleringar om å følgje mållova kjem jamleg frå departementa. Men det skjer lite anna.

Handlar målarbeidet for mykje om krav og rettar? Kanskje vi som arbeider med språkrøkt burde leite fram dei gode gulrøtene. Fleire enn meg har ein teori om at det er lettare å skrive klart og forståeleg på nynorsk enn på bokmål. Hadde eg hatt vitskapleg grunnlag for å fortelje det, hadde eg kome langt med det argumentet. I mellomtida får eg lokke så godt eg kan.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...