Heim Nyhende Ivar Aasen held stand i folket

Ivar Aasen held stand i folket

Eit stort fleirtal svarte i ei undersøking i samband med Ivar Aasens 200-årsjubileum at dei kjenner til diktaren og språkmannen. Dei fleste har også eit godt inntrykk av han.

 

Språkåret 2013 skal markerast fleire stader i landet gjennom heile året, og blir opna av kulturminister Hadia Tajik (Ap) i Kristiansand onsdag. MMI har i samband med dette undersøkt statusen til nynorskfaderen i det norske folk, 200 år etter at han blei født.

96 prosent av dei spurte svarte at dei kjenner til språkforskaren. 56 prosent har eit godt inntrykk av han, medan 7 prosent svarte at dei ikkje likar Ivar Aasen. Den sjølvlærte språkforskaren Ivar Aasen gav ut «Det norske Folkesprogs Grammatik» i 1848, og følgde opp med fleire ordbøker og lesebøker fram til 1870-talet.

– Eg trur at språkprosjektet til Ivar Aasen har hatt mykje å seie for at det norske samfunnet er så ope for språkleg mangfald, både når det gjeld minoritetsspråk, dialekt og nye innvandringsspråk, seier prosjektleiar Inger Johanne Sæterbakk i Språkåret 2013.

Hovudmålet deira er å vise fram at Noreg er eit mangfaldig, raust og inkluderande språksamfunn.

– Gjennom eit heilt år skal vi feire språk, diskutere språk og lære meir om den unike språksituasjonen her i landet, både nasjonalt og lokalt, seier prosjektleiaren. (NPK)

 

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

MEST LESE

– Eg er mest glad å lesa i ambulanseboka mi, fortel Symre (5). Ved sida av ho sit frå venstre Trygve (5) og Jørgen (5).

Innspel til Lesekommisjonen frå Nynorskkommunane

Nynorskkkommunane – LNK har 104 medlemmar, mellom desse 85 kommunar, 3 fylkeskommunar, fleire regionråd og interkommunale selskap. For medlemmane våre er det viktig å...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Gode grunnar for å velja nynorsk i vaksenopplæringa

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK på møte med arbeids- inkluderingsminister Kjersti Stenseng for å visa kor viktig det er satsa på nynorsk i...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...