Heim Nyhende Stordal: Liten og kjapp

Stordal: Liten og kjapp

Stordal kommune er den mest effektive kommunen i landet, ifølgje NHO sitt effektivitetsbarometer.

Kvar veke viser vi deg eit glimt frå ein av kommunane som er med i LNK.

Denne veka: Stordal

Nytt frå Stordal:
Ein av verdas beste fotballkretsar
Dette er Norges mest effektive kommune

Aktuelle lenker:
Stordal kommune
Stordalsportalen

 

– Naturlegvis er det fint med kåringar kor ein havnar på topp, det gir gode signal, seier ordførar Charles Tøsse(H) til LNK.no. Samstundes ser han at det er omstende med Stordal kommune, med 1050 innbyggjarar og ein kommuneadministrasjon som tel 14 tilsette, som gjer at det er monaleg enklare for dei å vere effektive enn ein stor kommune.

– Mykje av grunnen til at vi kjem godt ut i slike kåringar er at vi har eit utstrekt og godt interkommunalt samarbeid med andre innafor område kor vi sjølve blir for små og sårbare til å gjere jobben aleine. Vi er vel den kommunen i Møre og Romsdal som er mest involvert i interkommunale selskap i det heile.

Stordal samarbeider med andre om typiske samarbeidsområde som barnevern, landbruk, økonomi, PPT og legevakt.

Men ordføraren ser at det å drive interkommunalt samarbeid har sine sider og skapar eit dilemma i høve til kven som eigentleg styrer i kommunen. Anten ein vel vertskommunemodellar, kor rådmannen i ein annan kommune sit og tar avgjerdene for din kommune, eller ein har interkommunale selskap kor kvar kommune er representert i eit styre, så kan det for kommunestyra kjennast ut som at alt makt og mynde blir delegert vekk.

Men om kommunesamanslåing er eit vel så godt svar på utfordringane for små kommunar, som det interkommunale samarbeidet er, vil ikkje Tøsse påstå.

– Eg ser at dette kan tendere inn mot ein anna kommunestruktur, men eg trur òg at ein endra kommunestruktur må kome gjennom eit stortingsvedtak, ikkje eit innbyggjaropprør.

Temaet kommunesamanslåing er oppe med jamne mellomrom, også i Stordal, men ordføraren meiner han så langt ikkje har høyrd nokre argument som syner at kommunen hans har noko å tene på det.

– Men viss eg trur at innbyggjarane våre får eit betre tilbod gjennom kommunesamanslåing, så skal eg sjølvsagt sjå på det.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...