Heim Nyhende Spydspiss i hundre

Spydspiss i hundre

Det Norske Teatret er 100 år i dag. Det skal feirast.

 

– 2. januar 1913 gjekk den første framsyninga av stabelen i den gamle teatersalen i Kristiansand. Det blir markert i Kilden teater- og konserthus i kveld med ei festframsyning, ei framsyning som også er startskotet for Språkåret 2013. I år er det nemleg også 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd, skriv teatersjef Erik Ulfsby og styreleiar Nina Refseth i Dagbladet. 

Dei legg vekt på at Det Norske Teatret heilt frå starten av var både eit profesjonelt teater og eit språkpolitisk verkemiddel.

– Teatret var uttrykk for motkultur og opposisjon, og med Hulda og Arne Garborg i spissen vart teatret ei viktig røyst i samfunnsdebatten.

Ulfsby og Refseth meiner  Det Norske Teatret for hundre år sidan var ein spydspiss i bygdas kamp for å få plass på byens sentrale kulturelle arena.

–Teatret symboliserte ungdom og trass, det var for dei som snakka og skreiv annleis, med ein annan kultur og mentalitet enn det som dominerte i hovudstadens salongar. Teatret var tufta på idealisme og dedikasjon, på same tid som det hadde høge kunstnarlege ambisjonar. Målet var å forme oppfatninga av kva som skulle vere norsk i den unge nasjonen, bygd på norske tradisjonar, skriv dei. 

– Vi skal halde fram med å slåss – for mangfald, for kunsten sin plass i samfunnet og mot forsøka på å marginalisere det nynorske språket. Vi trur Det Norske Teatret tek best vare på målsetjingane sine ved å spele best mogleg teater i eit ambisiøst repertoar for eit breitt publikum. Det som starta som eit språkpolitisk og teaterpolitisk eksperiment, har vakse seg til ein vital og nyskapande teaterinstitusjon. 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...