Heim Nyhende Godt år for Nynorsk kultursentrum

Godt år for Nynorsk kultursentrum

2012 var eit godt år for Nynorsk kultursentrum. Fleire folk til Haugesenteret vil truleg gje vekst også i 2013.

– 2012 blei eit år for utviding av verksemda til Nynorsk kultursentrum. Vi fekk på plass Språkåret 2013, som er det største prosjektet vårt til no, styrkte driftsavdelingane Aasen-tunet og Hauge-senteret, tok over Allkunne, laga den første internasjonale samarbeidsavtalen og auka både inntekter og gjestetal, seier direktør Ottar Grepstad i ei pressemelding.

Ny leiar

Olav H. Hauge-senteret har no tre stillingar på plass, og det er von om å få tilsett ein fjerde person frå hausten av. Sjølv om senteret formelt ikkje er opna enno, er det også planar om fleire aktivitetar for publikum dette året. Målet er at Haugesenteret skal opne i mai 2014.

– Når dagleg leiar Geir S. Netland er på plass 1. mars, blir den viktigaste oppgåva å skaffe dei millionane vi manglar til basisutstillinga, seier Ottar Grepstad.

Stort prosjekt

Språkåret vart formelt opna av kulturminister Hadia Tajik denne veka, og prosjektet har eit førebels budsjett på 6,7 millionar kroner, melder Aasentunet.

– Målet er at mange ved neste årsskifte skal vite meir og tenkje annleis om språk i Noreg enn dei gjer denne i dag, seier Grepstad om dette prosjektet som er lagt til same år som 100-årsdagen for Det Norske Teatret og 200-årsjubileet for Ivar Aasen.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...