Nordiske forfattarbesøk har i tre år har vore ein suksess i Noreg. No skal alle dei nordiske landa få besøk av skandinaviske forfattarar.
– Etter at Nordisk ministerråd såg kor vellykka ordninga har vore i Noreg, vedtok dei å løyva pengar slik at dei andre nordiske landa også skal få forfattarbesøk, fortel prosjektleiar Petter Knutsen Bjørkelo i Foreningen Norden til Nynorsk pressekontor.
Det betyr mellom anna at danske elevar får møta den norske forfattaren Ingelin Røssland. Ho skal på turne i Danmark saman med den svenske forfattaren Zulmir Becevic, som var med på Nordisk forfattarbesøk i Noreg i 2011.
Sunnmøringen Alf Kjetil Walgermo skal reisa rundt på Island, medan svenske elevar skal bli meir kjende med den norske barnebokforfattaren Nina E. Grøntvedt.
Her i landet er det elevar i Nord-Noreg som i år får nordisk forfattarbesøk. Grunnen er at ingen skular nord for Trondheim fekk besøk då nordiske forfattarar i fjor besøkte 3.000 elevar elles i Noreg. Difor er det berre skular i Tromsø, Bodø og Vesterålen som står på reiseruta til den svenske forfattaren Torstein Bengtson og danske Ida-Marie Reindorff som i år skal vitja Noreg.
Det er Foreningen Norden som arrangerer dei Nordiske forfattarbesøka. Dersom besøka blir vellykka i dei andre nordiske landa, håpar Knutsen Bjørkelo at det blir ein årleg praksis også der. (NPK)