Heim Nyhende Lom folkebibliotek er Årets bibliotek 2012

Lom folkebibliotek er Årets bibliotek 2012

Lom folkebibliotek i Oppland vart nyleg kåra til Årets bibliotek 2012. 

– Heilt forskrekkjeleg morosamt er det, og ikkje så reint lite rørande, skreiv dei tilsette på bloggen sin då nominasjonen ble kjent i desember.

– Det tok heilt av då vi i fjor vart kåra til Årets bibliotek i Oppland, så kor høgt vi skal flakse med dei skrukkete, vinterfrosne vengene våre med denne nomineringa kan ingen sjå føre seg! Kvar dag kjem strålande lånarar inn og gratulerer oss med nominasjonen, og de skal alle veta at kvar og ein av dykk har ein stor del av æra for dette.

Biblioteket i fjellbygda med 2 400 innbyggjarar hadde i 2012 dobbelt så mange utlån som landsgjennomsnittet. Kvar innbyggjar i Lom låner i snitt 10 bøker i året, melder Nationen.no.

Prisen Årets bibliotek 2012 vart delt ut av Norsk Bibliotekforening på Det Norske Teatret 10. januar. Om vinnaren seier juryen at Lom folkebibliotek har som mål å vere biblioteket for alle, frå vogge til grav. Biblioteket har lenge ligge på utlånstoppen. Lom folkebibliotek har digitale formidlingstenester som kjem lokale brukarar til gode, og har positive ringverknader langt ut over Lom.  

 

17 bibliotek vart foreslått til prisen, og juryen nominerte tre bibliotek til prisen: Bok- og kulturbussen i Sør-Troms, Lom folkebibliotek og Realfagsbiblioteket på UiO

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...