Heim Nyhende Språkstafett med 140 stoppestader

Språkstafett med 140 stoppestader

 

Måndag morgon skal alle tilsette i kommunale bygg i Ørsta og Volda starte dagen med å syngje Millom bakkar og berg, høgt, saman og samtidig. Og slik startar språkstafetten som Noregs Mållag set i gong for å feire Ivar Aasen og nynorsk.

Nynorskstafetten er Noregs Mållag si markering av Språkåret, og planen er å besøke 140 stader fordelt på alle fylka i landet. Arrangementa i Ørsta og Volda på måndag markerer avsparket, og dagen blir fylt med mellom anna besøk i barnehage, kunnskapstevling, nedlegging av blomar på statuane av Ivar Aasen og Anders Hovden, flaggheising og fyrverkeri.

Denne første dagen er det leiar i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård, som får æra av å opne stafetten, men i løpet av året skal fleire få vere med. Både tilsette og tillitsvalde i mållaget, samt folk frå Målungdommen, skal skifte på å reise heile Noreg rundt og vere med på barnehagebesøk, skulebesøk, kulturkveldar, stand, møte med ordførarar, dialektkafé, skiløp, quiz og næringslivsbesøk. På heimesida til stafetten kan folk følgje med på reiseruta og sjå kva tid han kjem til deira kommune. Dei lokale mållaga rundt om i landet skal organisere eit opplegg på kvar plass, og stafetten blir avslutta i Bygland på Agder den 19. oktober.

– Ivar Aasen skapte nynorsk ved å reise heile Noreg rundt for å samle inn norske ord og dialektar. I språkåret lagar mållag landet rundt ein nasjonal stafett for å feire det norske språket vi kan takke Ivar Aasen for. Nynorskstafetten er eit stort lyft for Noregs Mållag, og vi gler oss til å turnere over heile landet, seier Håvard B. Øvregård.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

MEST LESE

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Gode grunnar for å velja nynorsk i vaksenopplæringa

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK på møte med arbeids- inkluderingsminister Kjersti Stenseng for å visa kor viktig det er satsa på nynorsk i...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Nettseminar: Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa?

Torsdag 24. september klokka 14.00–15.30 inviterer vi til nettseminaret Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa? Det er Noregs Mållag, Nynorsksenteret med personar frå ressursgruppa, og...