Heim Innspel Kommentar: I Språkåret skal Mållaget spreie språkglede over heile landet

Kommentar: I Språkåret skal Mållaget spreie språkglede over heile landet


Vi har nettopp byrja på Språkåret 2013. Det er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd, og det er 100 år sidan den fyrste framsyninga på Det Norske Teatret. 

Håvard B. Øvregård

Året skal vere ei raus og inkluderande feiring av alle språk. Det vil vere eit tragisk paradoks om ein nett dette året svekkjer sidemålet og norskfaget i skulen. I staden bør vi bruke året til å styrkje alle språka og språkmangfaldet i landet. 

Dette hjartesukket er eit svar på alle åtaka og utspela mot nynorsk i skulen siste året. Regjeringa skal i vår vedta ny plan for norskfaget, og noko før jul vart framlegget til revisjon sendt ut til høyring. I dette høyringsdokumentet er det fleire alternativ som vil svekkje og på sikt undergrave nynorsken si stilling i skulen og samfunnet elles.

Språket norsk er både bokmål og nynorsk. Begge er ein del av det språkmangfaldet som skal feirast i språkåret. Det er ei dårleg feiring å gjere opplæringa i nynorsk dårlegare. Noregs Mållag meiner difor at språkåret må brukast til å styrkje nynorsken sin status og plass i heile samfunnet, og særleg i skuleverket.

Striden no står mellom anna om eksamen og karakterar. Utan eigen karakter og eksamen i sidemål, vil nynorsk verte grovt svekkja som nasjonalt skriftspråk. Det er difor heilt avgjerande at norskfaget også i den komande læreplanen vert vurdert med karakter og eksamen både på ungdomssteget og i vidaregåande skule.

I tillegg til dette må den systematiske opplæringa i nynorsk som sidemål ta til mykje tidlegare enn i dag, og born må få møte opplesen nynorsk alt i barnehagen, før språklege fordommar har fått slå rot. Norsk må også få meir vekt både i barnehagelærar-, lærar- og lektorutdanninga. Det er på tide at regjeringa tek denne delen av norsk kunnskapspolitikk på alvor.

Noregs Mållag gled seg stort over Språkåret 2013, og vil bruke det til å auke kunnskapen om og interessa og respekten for alle språk. Dessutan kjem vi til å markere oss med ein Nynorskstafett i Ivar Aasen sine fotspor. Vi startar i Aasentunet i Ørsta 28. januar, og sidan går det slag i slag med godt humør landet rundt i fleire månader.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...