Heim Nyhende Tar i bruk nynorsk

Tar i bruk nynorsk

 

No skal norskopplæringa for innvandrarar i Valle kommune vere på nynorsk.

Som i mange andre nynorskkommunar har vaksenopplæringa i Valle brukt bokmålsmateriell i norskopplæringa for innvandrarar. Men i fjor bestemte kommunen seg for å gå over til å bruke nynorsk, då omfanget av nynorske læremidel har blitt monaleg betre.

Blir verande

Tidlegare hadde dessutan Valle fleire flyktningar i kommunen som flytta vekk frå etter relativt kort tid. Desse skulle gjerne vidare til større plassar var ofte best tente med å lære bokmål.

– No har vi flyktningar frå Myanmar og Burma som blir buande her over tid. Dei har ungar som går i skulen og lærer nynorsk, og for dei vaksne er det viktig å lære den same målforma som barna sine, seier ordførar Tarald Myrum (Sp). Mållaget i Valle har lenge vore ein pådrivar for at kommunen skulle nytte nynorsk i vaksenopplæringa. No har også dei vaksne innvandrarane sjølve bede om å få opplæring på nynorsk.

Same som barna

Flavia J. Homme frå Burma har budd i Valle i seks år. Norsk er ikkje det enklaste å lære, meiner ho, men ho vil at kommunen skal begynne med vaksenopplæring på nynorsk.

– Eg meiner bokmål er enklare å lære enn nynorsk. Men det er viktig i ein kommune som har nynorsk som administrasjonsmål og skulemål at også vaksne får opplæring i nynorsk, seier Flavia J.Homme.

Lite programvare

Alle språklege utfordringar ikkje løyst berre med dette, medgjer ordførar Myrum. I haust tok kommunen lesebrett i bruk i heile småskulen.

– Det har vore vellukka å bruke iPad i skulen, men vi slit med at svært lite av programvaren finst på nynorsk. Også kommunestyret bruker lesebrett, og heller ikkje for dei vaksne er det mykje nynorsk programvare å finne.

– Litt humoristisk kan vi seie at for oss er det nesten betre å bruke engelsk enn bokmål, men det er uansett ikkje bra at det finst så lite på nynorsk, seier Valle-ordføraren.

Du fleire saker om nynorsk i vaksenopplæringa og fleire saker frå Valle i LNK-avisa som kjem ut neste veke!

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...