Heim Nyhende Målpris til Mette Karlsvik

Målpris til Mette Karlsvik

Forfattar Mette Karlsvik får målprisen frå Nordmøre mållag.

Karlsvik får prisen fordi ho har vore aktiv forfattar og journalist sidan 2005 og valde å skrive på nynorsk sidan debutboka. Det var romanen «Vindauga i matsalen vender ut mot fjorden», ei kort bok med eit sårbart tema, anoreksi. For den fekk ho Tarjei Vesaas‘ debutantpris, heiter det i grunngjevinga. 

Mette Karlsvik er fødd i 1978 og er oppvaksen med bokmål på Frei. Ho har også ein brei bakgrunn som kunstnar.  Dei to siste åra på vidaregåande var ho ved ein internasjonal skule i Fjaler. Seinare tok ho utdanning som biletkunstnar og journalist.

Etter debuten har ho skrive fleire romanar, noveller og essayistiske tekstar. Ho har vore vikarjournalist i fleire aviser. I 2011 fekk ho Sigmund Skard-stipend, vart nominert til Brageprisen og i 2012 vart ho den første som fekk Stig Sæterbakkens minnepris.

– Mykje kan tyde på at nynorsk har gjeve ho det verktyet ho trong for å utvikle seg som nyskapande diktar. Vi ønskjer Mette Karlsvik til lykke med målprisen, melder Nordmøre Mållag.

Prisen vart delt ut på Kryp, ei litterær tilskiping på Kristiansund bibliotek laurdag kveld.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...