Heim Nyhende Språkleg status på landstinget

Språkleg status på landstinget


Landstinget til LNK blir arrangert på Voss i april. Temaet er nynorsk i Språkåret 2013 – ein statusrapport.

Det er også prosjektleiar i Språkåret, Inger Johanne Sæterbakk, som skal opne landstinget, saman med ordførar på Voss, Hans Erik Ringkjøb og styreleiar i LNK, Astrid Myra Aarvik. Det blir også arbeidd for å få kulturminister Hadia Tajik inn i programmet, målet er at ho skal seie noko om nynorsk er eit språk for framtida.

Varierte språktema
Landstinget går av stabelen 23 – 25 april og skal arrangerast i det nye kulturhuset på Voss. Her blir det også kulturkveld i god nynorsk tradisjon på landstinget sin første kveld. Kulturkvelden skal leiast av Per Inge Torkelsen, i tillegg vil ein møte Sigrid Moldestad, Twang Gang, Arne Anderdal og Olav Undeland. Gjennom dagane på landstinget blir det varierte tema og debattar om nynorsken sin posisjon fleire stadar i samfunnet. Blant anna skal  direktør ved Ivar Aasen – tunet, Ottar Grepstad stille spørsmålet om nynorsk er eit stort språk i verda, og eit lite i norske kommunar.

Nynorsk i ulike medium
Det blir også paneldebatt om nynorsk i media. Her deltar programdirektør i NRK, Per Arne Kalbakk , administrerande direktør i ABC Startsiden, Espen Udland, ansvarleg redaktør i Firda, Yngve Årdal og debatt- og kulturredaktør i Bergens Tidende, Hilde Sandvik. Teatersjef ved Sogn og Fjordane Teater, Terje Lyngstad skal snakke om nynorsk på scenen, medan direktør i Norsk Filminstitutt, Nina Refseth skal snakke om nynorsk på lerretet. Litteratur, næringsliv , suksesfulle distriktskommunar og språkleg framtid blir også tema under landstinget.

Bruksspråket nynorsk
Administrerande direktør i Lerum, Trine Lerum Hjellhaug tar for seg nynorsk som bruksspråk i næringslivet. Forlagsredaktør , barne – og ungdomslitteratur i Det Norske Samlaget, Ragnfrid Trohaug og forlagssjef i Fagbokforlaget, Arnestein Bjørke ser på den nynorske litteraturen. Høgskulelektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Jan Olav Fretland møter representantar frå Venstre, Høgre og AUF i ein debatt om det norske språket – etter Språkåret. Og Årets kommuneprofil og ordførar i Austevoll kommune, Helge Andrè Njåstad fortel om kva som skal til for å bli ein suksessfull distriktskommune.

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...

Startar Nynorskstafetten i Nordhordland

I år er både LNK og Nynorsk kultursentrum med Noregs Mållag på Nynorskstafetten. Sidan 2013 har Norsk Målungdom og Noregs Mållag reist rundt i landet...

På høg tid å støtta læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar

Å støtta opplæring i nynorsk for vaksne innvandrarar er både eit godt disktriktstiltak og eit godt integreringstiltak. Det er eit skrikande behov for læremiddel på...