No må det gjerast noko. Me må strypa dette uttrykket «i forhold til». Me kan ikkje sitja i ro og høyra på at språket vårt blir utvatna og utydeleg fordi dei fleste, iallfall ordførarar og rådmenn og statssekretærar og stortingsrepresentantar, seier «i forhold til» i annakvar setning. Eg har skrive om det før i denne spalta, men utviklinga held fram, me har med ei språkleg landeplage å gjera. Med dette utfordrar eg alle til å ta del i aksjonen for utrydding av feil bruk av «i forhold til».
Me tok til på fylkestinget i Sogn og Fjordane sist desember. Eg talde opp kor mange «i forhold til» eg høyrde frå innlegga og kunngjorde resultata. Det var pussig å leggja merke til talarane som kom etterpå. Fleire sette i gang som vanleg, og så kom dei til «i …», og så vart det ein tenkjepause. Det nyttar, altså. NRK Sogn og Fjordane tok opp saka og begynte å telja dei òg. Første talaren etter meg hadde visst seks «i forhold til». Han merka det ikkje …
Ein ung fylkestingsmedlem, Aleksander Øren Heen, kom med eit godt råd om korleis me kan hjelpa folk til å bli kvitt plaga: Viss du kan byta uttrykket ut med «samanlikna med», er det greitt. Elles kan du kutta ut «i forhold til». Ein god regel, som eg deler med lesarane! Eg har elles laga ei lita utfordring til dykk, så de kan sjekka at de er på rett lag i aksjonen. Prøv å laga vanleg norsk av tekstbiten nedanfor. Eg har lagt inn litt relativt og fokus, så stoffet blir mest mogleg autentisk:
Det er klart at det er relativt viktig å fokusera på at i forhold til språket så er det relativt mykje, både i forhold til språket og i forhold til måten me politikarar seier setningane på, som er relativt tungt. Både når me uttalar oss i forhold til media eller har ansvar i forhold til fylkestinget eller kommunestyret, er det relativt viktig å ha fokus i forhold til folk flest. Dei er relativt kravstore i forhold til måten me uttrykkjer oss på i forhold til dei.
Brukar du regelen til Aleksander, ser du fort at dette uttrykket tyder noko anna enn det som var tenkt: Han er flink i forhold til små barn.
Eg håpar du blir aktiv i forhold til aksjonen min!