Heim Nyhende Vanylven: Blir ein del av Kystpilegrimsleia

Vanylven: Blir ein del av Kystpilegrimsleia

Sankt Jetmund i Vanylven kan bli ein av stoppestadane i den nye kystpilegrimsleia som skal gå frå Rogaland til Sør-Trøndelag.

Kvar veke viser vi deg eit glimt frå ein

av kommunane som er med i LNK.

Denne veka: Vanylven

Info

Nytt frå Vanylven:
Mennene dominerer

Aktuelle lenker:

Vanylven kommune
Facebook
Synste Møre

 

På Åheim i Vanylven står middelalderkyrkja St. Jetmund. Steinkyrkja vart reist av den engelske kongen St. Edmund i 1155, men vart riven i 1863, etter stridigheiter om kor kyrkja eigentleg burde stå. På 1930-talet byrja arbeidet med å få reist kyrkja att, og kyrkja vart ifølgje vanylven.kommune.no reist etter gamle skisser og bygd med byggingsstein som er samla inn frå gardane ikring.

Mot Nidaros

Denne kyrkja kan no bli ein av fleire stoppestader på den nye kystpilegrimsleia som skal krysse fem fylke og fire bispedømme frå Rogaland til Sør-Trøndelag. Prosjektet Kystpilegrim Rogaland–Nidaros har som mål å kunne lansere den nye pilegrimsleia i 2014, og nett no blir det jobba med å kartleggje kva område som er aktuelle å involvere.

– Vi veit at mange pilegrimar reiste langs kysten i middelalderen, og då var Nidaros og St. Olav sitt skriv målet, seier prosjektleiar for Kystpilegrimsleia Irene Baug.

– Men vi veit også at det var mange mindre mål undervegs, og desse er også viktig å få kartlagt. Klostra var den gongen viktige stoppestader med tanke på mat og overnatting, men sjølvsagt også mål i seg sjølv. Det finst også mange middelhavskyrkjer og steinkors langs kysten, og alle desse må vi no prøve å få fram og setje inn i ein samanheng.

Tryggare

Baug fortel at mange pilegrimar som kom frå Europa valde å reise kystvegen framfor å gå i innlandet, fordi dette opplevdest som tryggare. No er håpet at den nye pilegrimsleia langs kysten skal bli eit godt alternativ til pilegrimsvandrarane, anten dei går for det andelege eller historiske. Samstundes blir det viktig at aktørane langs leia ser kva utfordringar og moglegheiter dette inneber for dei.

– Dette er eit verdiskapingsprosjekt, og vi håpar no at aktørane innafor turisme og reiseliv ser kva verdiar dei bygga dei har hjå seg representerer, men også kva kystpilegrimsleia som heilskap kan bety.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...