Heim Nyhende Nasjonal reiseplanleggjar er under arbeid

Nasjonal reiseplanleggjar er under arbeid

 

Den nye nasjonale rutedatabasen med konkurransenøytral reiseinformasjon for alle typar kollektivtransport innanlands, inkludert buss, tog, fly og båt, skal vere klar ved årsskiftet.

Vegdirektoratet har fått i oppdrag frå Samferdselsdepartementet å etablere nyskapinga. Ein slik landsdekkjande database finst ikkje i dag.

– Det er eit mål for regjeringa at fleire reiser kollektivt, og at vi bidrar til forenkling og føreseielegheit for næringslivet. Med nasjonal reiseplanleggjar bidrar vi til begge delar. Dei nye retningslinjene for offentleggjering av ruteopplysningar gjer det enklare å planleggje reiser i god tid for reiselivsbransjen og folk flest., seier samferdselsminister Marit Arnstad.

I samarbeid med Ruter og NRK utviklar Statens vegvesen no ein nasjonal trafikkportal for internett og mobiltelefon med informasjon frå den nasjonale rutedatabasen. Portalen skal vere fullt operativ i 2014, men ein testversjon med rutedata frå Austlandet er no tilgjengeleg på www.dit.no.

Den nasjonale rutedatabasen skal vere tilgjengeleg for alle profesjonelle aktørar som ønskjer å tilby reiseplanleggingstenester, inkludert tilbydarar av trafikkportalar på internett eller mobiltelefon. (NPK)

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...